Ta i bruk ny kabelteknologi!

Uttalelse fra landsmøtet i Norges Naturvernforbund.

Statnett vil byggja 3000 km nytt sentralnett over heile landet. Statnett og NVE har berre planar for luftspenn. Denne løysinga forringer naturverdiar og er eit massivt inngrep.

Naturvernforbundet erkjenner at sentralnettet må fornyast, men i vårt rike samfunn bør me vurdere kabelalternativ, når forholda ligg til rette for det.

Naturvernforbundet ynskjer ei meir offensiv haldning til den konsekvente bruken av luftspenn i Noreg. Ny kabelteknologi for både like- og vekselstraum kan bli integrert i eit moderne sentralnett og bør nyttast når det gir mindre inngrep enn luftspenn. NVE og Statnett må forstå at enkelte område og naturtypar i landet har nasjonal og internasjonal verdi. Dagens politikk tilseier at inga område i Noreg er verdfulle nok til å unngå luftspenn!

På nokre strekk vil kabel kosta meir enn luftspenn. Naturvernforbundet meiner tida er inne til å sjå nærare på kostnadsfordelinga mellom kraftprodusentane og alle oss andre vanlege forbrukarar. I dag betalar produsentane 25% av sentralnettkostnadane og vi andre 75%. For 15 år sida var det motsett. Mykje sal av kraft belastar nettet. Produsentar og større forbrukseiningar må ta ein større del av rekninga for eitt nytt sentralnett med meir kabel.

Det er gledeleg å sjå at ny teknologi vert teken i bruk rundt oss. Eit breitt energiforlik i det danske Folketinget i 2008 har opna opp for ein progressiv ny dansk kabelpolitikk. Dei danske politikarane har forstått at nokre område er nasjonalt unike. Visjonen her er kabellegging av heile sentralnettet innan 2040. Dette eksempelet bør norske politikarar fylgja.

I det moderne samfunnet er estetikk og miljø to viktige tema. Bruk av kabel i sentralnettet kan og bør ein kombinere med annan viktig infrastruktur. Ved samarbeid på tvers av ulike sektorar, har me kanskje den største gevinsten til gode.