Ta tre, betal for to!

Handelsnæringa fortel no at vi kjem til å handle for 3 % meir enn sist år i julehandelen i år. Kva er dette for noko? Dei fortel at vi er å rekne for normale når vi bruker 3% meir i julehandelen i år enn sist år. Normale vil vi jo vere, og så blir det nok.

Vår økonomiske verdsordning er basert på vekst. Utan vekst går det ikkje. Same kva, så er vekst bra. Det spelar inga rolle om det er grunnlag for vekst. Det spelar inga rolle om vi druknar i avfallet etterpå. Det spelar inga rolle om vi må stresse til vi døyr for å vere med på køyret. Det einaste som tel er vekst.

Vi veit alle, sjølv om vi kanskje ikkje heilt vil innrømme det, at ressursane ikkje strekk til for å halde fram på den måten. Det er i alle fall slik at ikkje alle på jorda kan gjere det på denne måten. Kva er det som er så spesielt med oss at vi kan velte oss i forbruk medan andre ikkje har nok til å vere mett?

Når kjøpmannen seier ta tre, betal for to, når vi berre treng ein, ja då er det sanneleg på tide at vi ikkje let oss lure lenger, men lar det bli med ein. La handelsnæringa si prognose ta feil. Om ikkje anna så vil dei som i dag er barn takke deg, ja forgylle deg om du gjer det.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal