Takk for Langøya-vedtaket, Tingvoll kommune

Lesarinnlegg frå Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Tingvoll.

Takk!

Først av alt vil Naturvernforbundet i Tingvoll gje ros for det vedtaket Tingvoll kommune gjorde vedkomande Langøya no sist veke. Det viser at det framleis er håp for andre verdiar enn rå pengemakt. Det viser at det går an å tenkje på fleire måter når det gjeld næringsutvikling. Verksemd på det jamne med bærekraftige kvalitetar held i det lange løp.

Takk til alle som har vore i kontakt med Naturvernforbundet om saka. Det er alltid greitt å få tilbakemeldingar om at det vi står for blir forstått. Sjølv om vi tør å seie frå også når det berre er naturen som er vår venn, så gjer det godt med saker der vi kjenner på at vi står for ei fleirtalsoppfatning.

Takk til Dagfinn Simonsen. Han har utruleg god nase for å finne det mest verdfulle. Gjennom denne saka har mange andre også fått auge på desse verdiane. At Simonsen sin konklusjon om kva slike verdiar kan brukast til er heilt andre enn våre, det får reknast som ein ekkel biverknad som blir med på kjøpet når ein har ein så finstilt nase.

Det er nokre utfordringar også. I tida framover vil presset på strandområde og friluftsområde i det heile merkast godt. Vi må passe vel på at slike områder blir bruka, ikkje forbruka. Testen er at områda kan brukast av fleire og fleire gongar – kan dei nyttast av få og berre ein gong, då går dei tapt. Det er no sett ord på kva Langøya har av kvalitetar og at det betyr noko. Det er mange andre perler også som har noko av dei same kvalitetane.

For ei tid sidan leverte Naturvernforbundet i Tingvoll ei uttale til reguleringsplan for Nålsund grustak. Der er det interesser som vil utvide krateret endå meir, og interessene for å rydde opp etterpå liknar mykje på dei som har vore der før, så langt Naturvernforbundet kan vurdere. Når utgangspunktet er øydelagd strandline og eit trøysteslaust krater er vår tanke at her er rette staden viss kommunen vil ha strandnære tomter til hus eller hytter. Om det der blir fylt og sprengt gjer ikkje noko frå eller til for naturen, berre det i ferdig tilstand ser bra ut. Her går det an å teikne først og tilpasse terrenget etterpå. Her går det an å bygge tett, så tett at all ugreie frå før blir bygd ned. Vel – det var berre ein tanke.

Så til alle dei som var glade for at Naturvernforbundet gjekk inn i Langøyasaka. Det er ikkje sjølvsagt at Naturvernforbundet er der når de treng det. Vil de sikre dykk at Naturvernforbundet er på banen og har slagkraft, då bør de melde dykk inn og betale kontingent, i tillegg til å vise engasjement. Ta ein titt på www.naturvern.no, eller kontakt underteikna, anten de bur i Tingvoll eller andre kommunar. Eit Naturvernforbund med mange medlemmer gjer det lettare å passe på at viktige naturverdiar ikkje forsvinn inn i kassaapparata.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll