Talgø – omdisponering av strandeng

Brev frå Naturvernforbundet til Surnadal kommune 11. november 2018.

Naturvernforbundet har fått kjennskap til at eit areal på Todalsøra nord for Talgø sitt industriområde er under omdisponering.

I forvaltningsplanen for strandengvernet på Todalsøra er det streka under at det aktuelle området skal kartleggjast som prioritert naturtype, at arealet har stor verdi og at det bør takast vare på.

Naturvernforbundet etterlyser difor kartlegging av naturmangfold og konsekvensutgreiing for det pågåande planarbeidet.