Taretråling i Ullasundet fuglefredningsområde

Naturvernforbundet har fått tips om taretråling innanfor forbodssona i Ullasundet fuglefredningsområde. Saka er tatt opp med Møre og Romsdal fylke. Det førebels uklart om trålinga har skjedd innanfor eller utanfor forbodssona, det er to ulike verneområde i Ullasundet.

Det har blitt observert taretråling mellom Ulla fyr og Ullahomen, så nære moloen at om dei kom nærare ville dei renne seg fast under brua. Dette har pågått i fleire dagar i november – desember 2006.

Lensmannen i Haram har vore kontakta om saka. Fiskarane har opplyst at dei har kart frå 2003 som viser at dei har lov å ta tare der. Området dei har henta tare i kan etter det Naturvernforbundet ser, vere innafor Ullasundet fuglefredningsområde, verna 1988, der det er forbode å skjære tare, jf. § 4 pkt. 1 i verneforskriften.

Naturvernforbundet vil avklare vidare oppfølging med Møre og Romsdal fylke.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Kart over Ullasundet fra Naturbase

Taretråling i Ullasundet i HaramFoto: Naturvernforbundet i Møre og Romsdal