TEMAKVELD OM BIER
Måndag 8. mai kl. 18.00 Møt opp i Vikebygdvegen 358, Tømmerbakken (få parkeringsplassar, så køyr gjerne saman). – Gratis • Om bier og birøkt / Vidar Kalland, Møre og Romsdal birøktarlag • Om praktiske sider ved å vere birøktar / Tore Mork
Ei viktig oppgåve for Naturvernforbundet i Volda og Ørsta er å auke kunnskapen om naturmangfaldet. Vi er derfor glade for å kunne invitere interesserte til temakveld om bier komande måndag, seier lokallagsleiar Knut Festø.
Bier er eit tema som engasjerer. Bøker som Bienes historie og medieoppslag om trugande biedød har opna augo våre for kor viktige desse insekta er. ”Om biene skulle døy ut, ville menneska ikkje ha meir enn fire år att å leve”, sa Albert Einstein då han innsåg kor avgjerande bestøvinga til insekta er for naturen og menneska. I tillegg til at om lag 30 prosent av maten vi et er direkte eller indirekte avhengig av biene, forsyner dei oss også, ved hjelp av birøktarane, med fantastisk honning.
Tore Mork og Marita Dalebø opnar komande måndag garden sin på Tømmerbakken, der dei driv med birøkt, for alle som ynskjer å lære meir.
-Vi får først ei teoretisk innføring om det spanande livet til biene ved Vidar Kalland, som er styremedlem både i Møre og Romsdal og Søre Sunnmøre Birøktarlag, fortel Ingrid Opedal i aktivitetsgruppa til Naturvernforbundet. -Kalland har drive med bier i mange år, og vil fortelje om korleis det er å vere birøktar i fylket vårt. Han held også kurs for nybyrjarar.
Etter foredraget vert det omvising på garden, og deling av praktiske erfaringar med birøkt. Knut Festø vil også snakke litt om slåtteenga på Tømmerbakken. -Oppdeling av leveområde og moderne landbruk er to av årsakene til nedgangen i biebestanden, fortel Festø. For å ta vare på artsmangfaldet slår Naturvernforbundet kvar sommar eit område i Follestaddalen med ljå, eitt av fleire tiltak der alle kan bidra.
Eit anna tiltak er å plante blomar som biene likar, og Vidar Kalland vil gje råd og ta med nokre posar for sal med frø som er godt eigna til føremålet.
-Det er ikkje allverda med parkeringsplassar i området, så vi oppmodar folk om å køyre saman, eller kanskje ta turen oppover Hoggabakkane som dagens trimtur, seier Knut Festø
Kartvegvisar til Tømmerbakken:
Kort nettadresse (tinyURL) til denne sida: