Tette avløp og underlege råd?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

I Aura Avis 18. januar får vi i alle fall to råd det er grunn til å sjå nærare på. Naturvernforbundet har sett liknande andre stader, så det kan vere greitt å finne ut av dette.

Ein røyrleggar fortel at mange av oss bør helle Mudin i avløpet kvar fjortande dag for å unngå tette røyr. Slike stoff som opnar tette røyr bruker ikkje vere av det slaget vi gjerne har i akvariet eller drikkevatnet vårt, og då bør vi ikkje ha det ukritisk i avløpsvatnet vårt heller. I HMS-databladet for Mudin står det: ”Utslipp til kloakk, vassdrag eller grunn er ikke tillatt. Suges opp i absorberende materiale. Spyl rent med store mengder vann. Påse at spylevannet ikke forurenser vannkilder, elver etc.” Det står rett nok i kapitlet for utilsikta utslepp, men ein kan undrast. Viss det er nødvendig å bruke slike middel førebyggande kvar fjortande dag, då er truleg tida komen for å gjere noko med røyra.

Så opplyser røyrleggaren at dei som har gamle kloakkrøyr ikkje bør bruke miljøpapir i toalettet, sidan det ikkje løyser seg opp. Dette blir heilt feil. For å få Svanemerket må toalettpapir oppfylle kravet ” får inte vara våtstarkt”. På dette punktet er det krav både til testmetode og testresultat. Det finst ulike kvalitetar toalettpapir som er Svanemerka. Slike toalettpapir kan vere av nye fiber, ein kombinasjon av nye fiber og returfiber, og nærast berre returfiber. I følgje avløpsselskapet i Oslo er det ikkje Svanemerket som er avgjerande for korleis toalettpapiret oppfører seg. Men det er ein skilnad i eigenskapane til nyfiber og returfiber. Det kan sjå ut til at dei dårlegaste kvalitetane av returpapir har lettare for å hekte seg opp i knuste betongrøyr og røyr som har glidd frå kvarandre. Her kan papir av nyfiber gå lettare, men tida for utskifting av røyr nærmar seg nok kraftig. Kva som er gode og dårlege kvalitetar av returpapir er ikkje så lett å finne ut av, men det er mykje mogleg at prisen fortel noko.

Kva er skilnaden på Svanemerka toalettpapir og anna toalettpapir? Om Svanemerka toalettpapir veit vi i alle fall dette om produksjon og ferdig produkt:

– råvara er bærekraftig

– papirmassen er ikkje klorbleika

– framstilt med redusert mengde kjemikaliar

– har krav til avgrensa mengde formaldehyd og PCB

– lek ikkje optiske kvitemiddel

– låge utslepp av oksygenforbrukande kjemikaliar til vatn

– låge utslepp av svovel og nitrogenoksid til luft

– energibruken ved produksjon er lågast mogleg

Naturvernforbundet sitt råd er difor enkelt: Bruk Svanemerka papir, anten det er av resirkulert type eller av nyfiber. Har du problem med avløpsrøyra, så bør du kanskje heller kjøpe røyr hos røyrleggaren enn å kjøpe kjemikaliar for å halde det gåande ei lita stund til.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet