Ti mytar om klima

Den siste tida har det vore enkelte innlegg i avisene om klimaendringar og kva vi menneske gjer med veret. Mange av desse innlegga har klåre feil. Klimaforskaren Steffen Kallbekken ved Cicero har i eit innlegg i Cicerone rydda litt i klimadebatten med sin gjennomgang av ti mytar om klima. Her er mytane og svar på dei:

1. Forskarane er usamde om klimaendringane er menneskeskapte

Klimapanelet til FN vurderer all vitskapeleg kunnskap om dei faktorane som har påverknad på klimaet – og ikkje berre dei menneskeskapte faktorane. I 2001 konkluderte panelet at “mesteparten av oppvarminga observert over dei siste 50 åra kan knytast til menneskelege aktivitetar.” Det er knapt nokon forskar som hevdar at mennesket ikkje kan påverke klimaet.

2. Klimagassane utgjør berre 0,04 prosent av atmosfæren og kan difor ikkje gi klimaproblem

Det er rett at konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren ikkje er meir enn rundt 0,04 prosent. Derimot er det feil å tro at CO2 (og dei andre klimagassane) ikkje har innverknad på klimaet. Det er nemleg desse gassane som avgjer kor mye meir varmestråling frå jordoverflata som blir tatt opp og sendt ut att, og dermed varmar opp jorda. Dette er det full vitskapeleg semje om.

3. Dei menneskeskapte utsleppa av CO2 tilsvarar berre fem prosent av dei naturlege klimagassutsleppa og kan difor ikkje gi klimaproblem

Tala er rette, men vurderinga er feil. Naturen slepp kvart år ut rundt tjue gangar så mye CO2 som det vi gjer. Desse naturlege utsleppa stammar for det meste frå plantar og dyr, og frå hava. Det som er viktig er at dei naturlege utsleppa også blir tatt opp igjen i naturen. Dei inngår i eit naturleg krinsløp. Dei menneskeskapte utsleppa kjem på toppen av dei naturlege, og naturen klarer ikkje å ta opp alle våre utslepp. Kvart år blir difor rundt halvparten av våre utslepp verande att i atmosfæren, og hopar seg opp frå år til år. Innhaldet av CO2 i atmosfæren aukar dermed. Det kan hjelpe å tenke på eit statsbudsjett. Dersom du har 100 milliardar i inntekter og 100 milliardar i utgifter er budsjettet i balanse. Dersom du aukar utgiftene med berre fem milliardar blir ikkje det ei veldig stor auke. Du vil likevel få eit stort problem dersom utgiftene er fem milliardar høgare enn inntektene kvart einaste år i lang tid.

4. Forskarane kan ikkje gi oss ei rett vermelding for i morgon, korleis kan dei melde veret om hundre år?

Det er stor forskjell på kva vi kan seie sikkert om veret på kort sikt og veret på lang sikt (som er det vi kallar klima). Det kan vere vanskeleg å seie om det blir varmare i morgon enn det er i dag. Derimot er det grunn til å tru at temperaturen på Tingvoll vil være høgare i juli enn i januar neste år. Forskjellen er at mens veret kan variere mykje frå dag til dag, har det likevel regelmessige sesongvariasjonar over lengre tidsrom. Desse variasjonane er det strålinga inn til jorda som avgjer. Vi veit at det auka innhaldet av klimagassar i atmosfæren vil føre til at meir av varmestrålinga som går ut frå jorda blir att i atmosfæren og syter for at jorda blir varmare.

5. Dei øydeleggjande orkanane det siste året kjem av menneskeskapte klimaendringar

Det er sannsynleg at orkanane vil bli sterkare med klimaendringane. Det er mogleg det vil bli fleire orkanar. Ettersom orkanar er eit naturleg fenomen er det likevel ikkje grunnlag for å hevde at ein namngitt orkan kan skuldast menneskeskapte klimaendringar. Det er ikkje mogleg å skilje mellom dei orkanane som uansett kjem og dei som eventuelt kjem i tillegg eller er sterkare grunna den påverknaden vi har på klimaet. Det vi kan seie er at dersom det blir fleire og sterkare orkanar over tid, kan det vere grunnlag for å knytte auka til menneskeskapte klimaendringar.

6. Menneskeskapte klimaendringar er kanskje eit problem, men det er eit problem vi ikkje treng å uroe oss for på lang tid

Klimaendringane har allereie råka oss. Den globale snittemperaturen har auka med 0,6 gradar dei siste 150 åra. Temperaturen i Arktis har auka nesten dobbelt så raskt. Endringane kan kome til å skje mykje raskare framover. Det er dessutan viktig å vere klar over at dei klimagassane vi slepp ut i dag kan vere i atmosfæren i fleire hundre år, slik at klimaendringane vil halde fram lenge etter at utsleppa er kutta. Difor er det for seint med tiltak når vi ser dei mest alvorlege klimaendringane.

7. Klimaet har alltid endra seg, og sidan variasjonar er naturlege treng vi ikkje å uroe oss

Det er rett at klimaet alltid har endra seg. Det at det tidlegare har skjedd store naturlege klimaendringar tyder likevel ikkje at vi ikkje skal uroe oss for menneskeskapte klimaendringar. For det første hadde også dei naturlege klimaendringane store og alvorlege konsekvensar. For det andre er vi tilpassa det klimaet vi har levd i dei siste hundreåra. Klimaendringane vil krevje smertefulle og kostbare tilpassingar, noko som vil kunne ha store konsekvensar for økosystema på jorda.

8. Varmare ver er bra i det kalde landet vårt

Klimaendringar kan ha nokre føremoner for Noreg. Vi kan få eit meir produktivt jordbruk og fleire varme somrar, men også sterkare stormar og meir flom er sannsynlege verknader. Likevel vil Noreg vere godt rusta til å møte moderate klimaendringar. Då er det verre med størsteparten av folket på jorda. Det er også ein risiko for at klimaendringane vil ha meir dramatiske konsekvensar for Noreg enn vi i dag reknar for sannsynleg.

9. Det er for dyrt å gjere noko – og det finst betre ting å bruke pengane på

Når vi tek i bruk betre klimaløysingar, og dei som slepp ut klimagassar blir nøydde til å betale for det, vil kunnskapen om og investeringane i klimavennleg teknologi auke. Dermed vil det bli billegare å kutte utsleppa, samstundes som slike tiltak vil skape ny økonomisk utvikling. Ofte er det ikkje motsetnader mellom å bruke pengar på klimatiltak og på andre gode tiltak. Til dømes unngår vi auka fattigdom om vi reduserer klimaendringane, sidan vi då kan unngå meir tørke og flaum.

10. Noreg står for berre to promille av klimagassutsleppa i verda, så vi kan ikkje løyse klimaproblema

Noreg står for ein liten del av dei samla klimagassutsleppa, men rekna per innbyggar står Noreg for dobbelt så høge utslepp som verdsgjennomsnittet. Med høge utslepp, ein stor olje- og gassektor og ein solid økonomi er det mange som meiner vi har eit større ansvar og betre høve til å handle enn dei fleste. Det er liten hjelp i at Noreg kuttar våre utslepp aleine. Vi må ha internasjonale avtalar dersom vi skal klare å løyse klimaproblemet. For å få med andre land bør Noreg og andre rike land gå føre og vise at det er mogleg å kutte utsleppa og utvikle klimavennleg teknologi som også andre land kan nyte godt av. Då blir det lettare for dei å gå med på å redusere sine utslepp.

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar

Klimaforedraget til Pål Prestrud på seminar i Finansdepartementet våren 2006