Tid for mindre snøskuterbruk
Surnadal treng ikkje frislepp som gjev meir snøskuterbruk. Litt meir fred og ro kan vere vel så nyttig.

Surnadal kommune vil revidere sitt reglement for motorferdsel. Vel og bra.
Det som ikkje er vel og bra er politikarane si meining om at alle må få køyre så mykje dei vil.
Naturen har ikkje godt av folk med motor over alt. Ikkje folk flest heller. Dei fleste kan bruke hyttene sine utan å måtte bruke snøskuter. Kan hende blir det nokre fleire turar på ski, men det kallast aktivitet for å ta vare på helsa, for dei aller fleste.
Naturvernforbundet har sendt ei fråsegn til Surnadal kommune. Den kan du lese her.