Tid for ny medisin

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Viss Iver Nordseth har rett i at vi må ofre naturen vår for å berge livet på kloden, då er vi verkeleg ute å køyre. Då har politikar Nordseth som har vore politikar så lenge, styrt skuta grundig i åkeren og bør overlate til andre å få skuta på rett veg igjen.

Nordseth var pådrivar for at Smøla skulle få sine vindturbinar. Før turbinane blei bygd, var det klart at desse kunne påverke havørbestanden negativt. I ettertid har vi sett at det har gått med 5 havørnar omtrent kvart år. Det er mogleg bestanden toler dette. Det er i tilfelle fordi det var eit overskot å ta av. Men når ein no bygger tett Trøndelagskysten med vindturbinar, så vil ein også ta av dette overskotet om det framleis finst. No er utbygginga så omfattande at ein får ikkje moglegheit til å justere seinare. Går det gale no, så er det ikkje råd å snu. Det er i alle fall forferdeleg vanskeleg å rive vindturbinar som alt er sett opp. Berre så det er sagt, det er meir enn havørn som blir råka.

Tar ein for seg utbyggingskartet, så ser ein no at det er eit lite frikvarter frå Midsund til Aure og litt innover i landet. Både lenger sør, lenger nord og på Smøla er det konsesjonar eller prosjekt. Det går fort, og det er aldeles ikkje lagt inn rom for at det kan vere tabbar som vi skulle ha lært av før vi tar stilling til endå meir av det same.

Når det gjeld dei framforhandla fordelane for Aure kommune, så finst det fleire ord på kva det er for noko. Det blir mellom anna peika på fordelar som nokon får viss prosjektet blir noko av. Ein av fordelane blir ein turveg på den biten av halvøya som ikkje har veg frå før. Å bygge ein turveg der, gjer jo eit inngrep endå større. Det er jo den einaste plassen det framleis er litt område igjen til ein del av naturen Nordseth er så opptatt av å berge, viss dette vindkraftanlegget blir bygd.

Når søkjar vil betale ein turveg for at folket i Aure skal bli mildare stemt til prosjektet kan ein ikkje kalle dette anna enn smøring om ein ikkje skal bruke eit verre ord. Dette er ikkje kompensasjon, for ein kompensasjon den må betalast til dei som lid overlast. Naturen i dette tilfellet får ingenting, tvert om endå større inngrep. Fiber, ny butikk, utsiktspunkt og sykkelvegar har også stort sett innretning for å mjukgjere Aurefolk og er ikkje til minste nytte for naturen. Det er ikkje utbyggar som betalar desse pengane av si eiga lomme. Han må øydelegge masse natur for å skaffe til vege desse pengane.

Tida er inne for ny medisin og nye tiltak. Nordseth har hatt posisjonar så han kunne ha lagt om kursen tidlegare, men han gjorde det ikkje. Vi har ikkje tillit til at Nordseth har rett resept på dette.

Det er mogleg at det går gale med naturen vår som følgje av klimaverknader. Men det blir endå meir gale om vi skal hjelpe til med øydeleggingane så det går endå fortare og blir endå grundigare havari.

Skardsøya har store verdiar, og det kan aurgjeldingane vere stolte av. Skulle Aure bli einaste kommunen utan vindturbinar, så la det vere eit monument av levande natur som peikar mot ei ny framtid.

 

Øystein Folden                                                                            Øyvind Sandvik

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal                  Leiar, Naturvernforbundet i Aure