Til dei politiske partia i Ørsta

Sju innspel til partiprogramma i Ørsta frå Naturvernforbundet i Ørsta og Volda

Det er mange oppgåver som skal løysast i kommunen vår. Partigruppene må prioritere og velge tema. Naturvernforbundet vil minne om at FN har slått fast at vi står i to globale kriser: Naturkrisa (tapet av natur) og klimakrisa. Noreg har forplikta seg til å stoppe tapet av naturmangfald og har ambisiøse klimamål.


Norsk natur finst ikkje andre stader enn i norske kommunar.
Alle vedtak vedrørande natur og miljø i eigen kommune er difor
med på å støtte eller undergrave nasjonale og globale mål.
Organisasjonen Sabima lagar kvart år ei rangering av korleis
norske kommunar tek vare på naturmangfaldet. I 2022 vart
Ørsta rangert som nr. 216 av 356 kommunar. Ei fattig trøyst
kan det vere at Volda vart rangert som nr. 342. Vurdert etter 15
ulike tema.

Foto: Liisa Mänd

Innspel til partiprogramma i Ørsta

1. Sunnmørsalpane nasjonalpark Ørsta kommune bør ta initiativ til å få oppretta
Sunnmørsalpane nasjonalpark. I samarbeid med Volda,
Sykkylven og Stranda kan prosessen med eit
verneområde takast opp att etter at den havarerte sist
haust. Det finst alternativ til planane som Ørsta
kommunestyre forkasta. Område som kanskje er mindre
konfliktfylte, og vel så representative for Sunnmørsalpane
som landskapstype.

2. Betre naturkartlegging. Kommunane har eit ansvar for
naturforvaltning etter forureiningslova,
naturmangfaldslova og fleire lover og forskrifter.
Utgangspunktet må då vere ei oppdatert og grundig
kartlegging av sårbare artar og verdifulle naturtypar.

Foto: Liisa Mänd

3. Produktiv matjord må få strengaste vernestatus
Jordvern er naturvern, og lokalmatproduksjon er god
klimapolitikk.

4. Eit førebels NEI til oppdrett av torsk i fjordane våre Dette kravet heng saman med det vi ser av aukande press
på livet i fjordane, og med tilrådingar frå
Havforskningsinstituttet.

Foto: Liisa Mänd

5. Det må bli rimelegare og enklare å velje kollektiv
transport.
Fram, Kringom, Vy og SJ må samarbeide om
billettering og korrespondanser om dei skal få fornya
konsesjonane sine.

6. Betre tilrettelegging for syklande og gåande, utan at det
går ut over dyrka mark og verdifull natur (kantvegetasjon,
gamle tre o.l.).

7. I sentrumsområda må vi ta vare på naturmangfaldet i
dei grøne lungene og langs elv og bekkar. Svartlista artar
(framandartar) må fjernast.

Med helsing frå Naturvernforbundet i Ørsta og Volda.

Foto: Liisa Mänd