Til Runde med unge flyktningar

11. mai arrangerte Ørsta og Volda lokallag av Naturvernforbundet tur til Runde for unge flyktningar. Målet var å vise fram kystlandskap og fugleliv og gi ei helt spesiell naturoppleving.

I samarbeid med læringssenteret i Volda inviterte vi ungdommar frå vg-alder til tidleg i 20-åra. Interessa viste seg å vere stor, og 21 frå målgruppa var med i den innleigde bussen. Litt over halvparten av desse kom frå Ukraina. Resten kom frå Afghanistan, Kongo og Sudan.  

Vi fekk også med oss eit solid støtteapparat. Heile ti lokalkjende folk frå Volda sat på i bussen – pluss to som køyrde til Runde i eigen bil. Dette ga høve til mykje kontakt med deltakarane, med gaiding og anna informasjon både på turen utover og i fuglefjellet. Dei språklege utfordringane gjekk også bra, men god hjelp frå dei av flyktningane som kunne mest norsk og/eller engelsk. 

Turen frå Volda til Runde tar om lag ein time. Han går over mange bruer (og gjennom nokre tunellar) gjennom flott fjord- og kystlandskap, og endar heilt ute ved storhavet. Her byrja vi med ei omvising i den faste utstillinga og ein film om livet og krinslaupet havet. To gaidar frå Miljøsenteret hadde ansvaret for denne økta på ca 75 minutt.

Gruppa på Miljøsenteret
Matpause

Etter ein god matpause gjekk turen opp på fjellet til Lundeura. Her fekk vi sjå lundefuglane kome svermande inn frå havet til reirholene i grasbakkane like ved det tilrettelagde utsiktspunktet. Det var sjølvsagt også mange andre fuglar å sjå og høyre, t.d. fleire måseartar, tjeld, storjo, krykkje, havsule og havørn. 

Lundeura
På utkik etter lundefuglar
Godt selskap på Lundeura

Vi fekk svært gode tilbakemeldingar frå deltakarane på opplegget. For dei fleste var dette ei heilt ny oppleving i eit kystkandskap og med fugleliv dei aldri hadde sett og høyrt før. Det var fin stemning både i bussen, på Runde miljøsenter og ikkje minst i Lundeura.  

Dette vart ein svært kjekk dag og ei fin erfaring også for oss som arrangerte turen. Denne målgruppa (unge einslege flyktningar) viste seg å setje stor pris på tilbodet. Eit par andre forslag til liknande utflukter har alt vore lufta i lokallaget. 

Nokre aktuelle nettsider: 
https://www.statsforvalteren.no/contentassets/340a5a7add4c416589f1d815c81c8c2e/brosjyre-runde.pdf 
https://www.opplevrunde.no/ 
https://kystperla.no/fuglefjellet/ 
https://www.nrk.no/emne/fuglefjellet-runde-1.13130829