Til skogs med fuglehjelp

I serien om framande artar på Nordmøre har vi i dag kome fram til Bulkemispel.

Det er høgsesong for trast og andre fuglar som likar bær. Dei bæra vi likar sjølv går først. Dei raude bæra på bulkemispel Cotoneaster bullatus er ikkje dei første som forsvinn, men dei går unna dei også når dei som smakar betre alt har passert fuglemagane.

Bæra er eigentleg eit lite lureri. Den verkelege gode næringa finst i frøa inni bæra. Kjernebitaren let seg ikkje lure, han hiver vekk fruktkjøtet og knuser frøet inni . Hadde alle fuglane vore som kjernebitaren, då ville ikkje artar med bær ha kome seg ut i skogen. Fruktkjøtet er eigentleg berre eit lokkemiddel for at fuglane skal ete bæra. Fuglane let seg lure, et bæra og blir gode og mette. Så flyg dei borti skogen, sit på ein kvist, og det som ikkje kan fordøyast må ut. Då har frøa kome luftvegen, og magesyra har dessutan tæra på frøskalet slik at frøet spirer lettare. Så veks det opp eit eller anna inni ein einerbusk og mange andre stader i skogen. Etter kvart blir busken eller treet stort og får bær og nye moglegheiter til å spreie seg vidare i skogen.

Bulkemispel er ein nydeleg busk. Mange har busken i hagen sin. Men det er lenge sidan busken har vore i handel. Pærebrann som er ein svært brysam sjukdom på frukt smitter via bulkemispel, så det er årsaka til salsforbodet sidan 1986. Pærebrann kjem frå USA og har truleg vore med plantemateriale som har vore innom der. Blir pærebrann påvist i eit område, kjem Mattilsynet si patrulje med saga og fjernar bulkemispel og ein del andre artar frå hagane. Buskane i skogen er det ikkje fullt så enkelt å finne igjen. 

Cotoneaster kjem av gresk kydones, på latin cotonea som sikter til kvede som finst på Kydonia på Kreta. Namnet er brukt på mispel av Conrad Gesner i 1577. Han budde mest i Zürich i Sveits, var lækjar, språkforskar, botanikar og zoolog. Mest kjent er han for å ha utgjeve Historiae animalium, 4500 sider om dyrelivet.

Bullatus tyder buklete, og sikter til bladet som har nervane djupt i bladet og ein bladkant som sjeldan er heilt flat. Bulkemispelen kjem frå Sichuan i Kina.

Vi har ei rad andre misplar i bruk i hagane,  og mange av dei spreiar seg på same måte som bulkemispel. Det vil nok vere ein stor fordel om vi kan få bytta ut desse før skogen blir full av fuglespreidde avkom. Rogn og korsved er buskar og tre som høyrer til naturleg i norsk natur. Kanskje vi kan bruke meir av desse?

Mispelartane finst forvilla mange stader i vårt område.

Risikovurdering

Bulkemispel har kategori svært høg risiko (SE), det vil seie den alvorlegaste graden, og på svartelista. Blankmispel, dielsmispel, sprikjemispel og krypmispel har same vurdering.