Tiltak for fugl i høve til kraftliner
Kraftliner er ein risiko for fuglelivet. I eit brev frå Naturvernforbundet og NOF i Møre og Romsdal til Nordmøre Energiverk blir det foreslått nokre tiltak for å redusere skadeverknader i Aure og Tingvoll.
I Aure foreslår organisasjonane at den nye 22 kV luftlina mellom Åneset og Giset at det blir nytta isolert lufthengekabel. Dette vil redusere både kollisjonsfaren og skadeverknader ved kollisjon for skogsfugl og rovfugl.
I Tingvoll foreslår organisasjonane at den nye 22 kV linekryssinga av Langvatnet naturreservat i Straumsnes blir kabla.
For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Tingvoll kontaktast på telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen