Timeekspressen på Søre Sunnmøre

Til kommunane på Søre Sunnmøre.

I Sunnmørsposten i dag er det ein diskusjon om Timeekspressen sin skjebne etter opninga av Eiksundsambandet.

Naturvernforbundet er glade for at diskusjonen om bussrutene etter opninga av Eiksundsambandet no har kome på dagsorden, men vi er uroa over kuttforslag i rutetilbodet i regionen. Klimautfordringane er alvorlege og gir grunnlag for meir satsing på kollektivtransport, ikkje mindre.

Naturvernforbundet tok i sommer opp dette saman med Framtiden i våre hender og Natur og Ungdom (sjå vedlagte brev og avisoppslag). Naturvernforbundet meiner at opninga av Eiksundsambandet må føre til at vi får samordna Timeekspressruter på desse strekningane:

1) Moa – Solavågen – Festøya – Ørsta – Volda (som i dag)

2) Moa – Sulasundet – Hareid – Fosnavågen

3) Volda/Ørsta – Ulsteinvik (med korrespondanse både nordover og sørover i begge endar)

Naturvernforbundet vil minne om at det allereie i dag er eit rutetilbod på strekningane Moa – Fosnavågen og Volda/Ørsta – Ulsteinvik, mykje av dette handlar om betre samordning, kortare reisetid og stivare avgangstidar.

Vi vil be kommunane om å arbeide saman med miljøvernorganisasjonane for å få på plass eit slikt ruteopplegg.

Naturvernforbundet vil gjerne ha kopi av eventuelle vedtak og fråsegner kommunen sendar i denne samanhengen.


Med vennleg helsing

Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Telefon 91 81 25 42

Krav frå miljøvernorganisasjonane om Timeekspress gjennom Eiksundsambandet

Medieoppslag om kravet

Spørsmål til Volda-ordføreren

Nytt i uka 12. desember 2007