Tingvoll kommune og fiskeoppdrett

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Tingvoll.

Nyleg har formannskapet i Tingvoll handsama saka der utviding av oppdrettsanlegget ved Hammaren var tema. Innstillinga denne gongen gjekk på at tiltaket måtte konsekvensutgreiiast, og det var mellom anna vist til forskrifta sin § 4b der utløysande faktor for om det skal konsekvensutgreiast er om tiltaket «er lokalisert i eller kommer i konflikt med viktige inngrepsfrie naturområder eller utgjør en trussel mot direkte truede eller sårbare arter og deres leveområder eller mot andre områder som er særlig viktige for biologisk mangfold».

Tidlegare i år har Tingvoll kommune vurdert om det skulle bli gitt dispensasjon frå arealdelen til kommuneplan som opna for ein større lokalitet ved Hammaren. Naturvernforbundet leverte fråsegn til den saka. Kort sagt uttala Naturvernforbundet at alle teikn sa at det var godt og vel nok oppdrett i fjorden utan lokaliteten på Hammaren, og at kommunen i praksis berre har arealdelen til kommuneplan som reiskap viss ein ønskjer å avgense oppdrettsnæringa. Til vår fråsegn fekk vi følgjande svar:

«Vi takker for innspelet til kommunen sin behandling av oppdrettssaker. Dei spørsmåla som vert reist ligg utanfor kommunal mynde å forvalte. Derfor har vi ikkje sett i gong behandling av to evt. tre mulege nye lokalitetar som næringa ønsker fordi vi vil vente på ein felles vurdering som Møre og Romsdal fylke no har sett i gong. Brevet vert referert for planutvalget».

Vi må berre innrømme at vi ikkje skjøna kva kommunen meinte med dette. Medlemmer av Naturvernforbundet og andre venner: Vi må berre seie oss leie for at vi ikkje klaga på kommunen sitt vedtak om å gi dispensasjon i den saka. Vi hadde ingen kapasitet til å gjere noko som helst med slike omfattande saker på den tida klagefristen gikk.

Sidan då er naturmangfoldsloven sett i kraft. Med den er det slutt på at ein art blir freda, medan det er lovleg å rive huset deira eller ta frå dei maten. No skal ikkje berre truga artar vernast, men også miljøet deira.

Berre ei veke etter at denne lova tok til å gjelde skreiv Direktoratet for naturforvaltning brev til fylkesmennene. Der blir det mellom anna vist til regjeringa sitt mål: «Regjeringen har som mål å bevare og gjenoppbygge laksebestander av en størrelse og sammensetning som sikrer mangfold innen arten og utnytter dens produksjonsmuligheter. Laksens leveområder skal forvaltes slik at naturens mangfold og produktivitet bevares, og trusselfaktorer skal identifiseres og fjernes. Der dette ikke er mulig, skal trusselfaktorenes virkning på laksebestandenes produksjon, størrelse og sammensetning motvirkes eller oppheves gjennom tiltak. Påvirkninger som truer laksens genetiske mangfold skal reduseres til ikke-skadelig nivå innen 2010».

Oppdrettsnæringa og fiskeriministeren er truleg dei einaste som er overtydde om at det no er bra å ha meir tamlaks i sjøen. Oppdrettsnæringa tener pengar på slikt så lenge det varer, og Fiskeridepartementet tener faktisk pengar på at konsesjonane blir utvida. Dessutan kan ein jo bli frista til å tenkje at oppdrettsnæringa har ualminneleg godt samarbeid både med Fiskeridirektoratet og departementet.

No i haust har lakselusproblematikken velta inn over oss. Næringa seier dei kan rydde opp sjølve. Den same næringa har lagt Chile i ruinar etter å ha løyst problema sjølve der i nokre år. No har næringa overtydd Forskningsrådet om at dei fortener pengar til forsking på lakselus. 40 millionar kjem det til ei næring som har økonomi til å ordne opp sjølve om dei vil. Eit spørsmål om tilsvarande til Artsdatabanken for å få kartlagt ein del artar vi ikkje veit av at vi har kan ein vere viss på blir avslått som følgje av offentleg pengemangel.

Ein kan lure på når den siterte bestemmelsen i forskrifta om konsekvensutgreiing skal brukast om ikkje oppdrettssaka ved Hammaren er aktuell. Politikarane i økokommunen Tingvoll legg seg på kne for tamlaksnæringa og gjer slik dei ber om. Det er rett og slett utruleg. Ordførarane på Frøya og Austevoll har sagt at tamlaksnæringa er så viktige at dei prioriterer tamlaksen sjølv om laksen i elvane døyr. Dei er i det minste ærlege.

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen