Tjervaag kraftverk i Herøy kommune – utsett frist

Kopi av mailkorrespondanse med NVE og Herøy kommune

Øystein Folden, Naturvernforbundet: Vi kunne gjerne tenkt oss å vere med på synfaringa, men då må vi verve 50 nye medlemmer for å få økonomisk dekning for det. Så vi blir nøydde til å halde oss heime og i ordinær jobb i staden. Det er ikkje berre kommunane som har trange budsjett.

Vi har for ei tid tilbake bede kommunane om å sortere vassdraga sine i raudt, gult og grønt, dvs. meir og mindre verdifulle vassdrag. Eg skal ikkje seie for sikkert om Herøy fekk brevet, det er mogleg vi ikkje trudde det var vassdrag som var aktuelle. Brevet ligg i alle fall vedlagt no. Men no hadde det vore svært verdifullt om ei slik sortering hadde vore der. Det er vel truleg maksimalt 5 vassdrag som er teknisk/økonomisk utbyggbare. Viss 4 av dei blir bygd ut og ein til slutt registrerer at det minst verdifulle med omsyn til verdiar som biologisk mangfald, kultur osb. er att, vil ein sjå at det er gjort ei tabbe. Viss kommunen har ei form for registreringar av verdiar knytt til dei aktuelle vassdraga, ville vi vere takksame for å få tilgang til materialet.

Naturvernforbundet meiner kommunen kan seie i si uttale at ei slik registrering må finne stad før søknaden kan handsamast ferdig. Rauma kommune har gjort ei slik registrering i år, så metoden finst.

Helsing Øystein Folden

Tanja Rafteseth :

Herøy kokmmune har motteke Dykkar mail om utsett uttalefrist, og vil opplyse om at også Herøy kommune har bede om uttalefrist til 21.09.05 av same grunn og at saka må handsamast politisk. Ein har ikkje motteke svar frå NVE om dette er greit. Kjem De til å vere representerte på synfaringa den 6. september? Mvh Tanja Rafteseth Planleggar Tlf direkte: 70 08 13 54 e-mail adr: tanja.rafteseth@heroy.kommune.no

Øystein Folden 28.08.2005 15:50

Til rv@nve.no cc postmottak@heroy.kommune.no Emne Tjervaag Kraftverk – uttalefrist

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har mottatt høyringsdokument for Tjervaag Kraftverk – Herøy kommune i Møre og Romsdal. Dokumentet er dagsett 4.8.08 og mottatt nokre dagar seinare, med uttalefrist 31.8.05.

Sidan vi ikkje har avdelingskontor i Herøy (verksemda vår er dugnadsbasert, og berre nokre få personar har høve til å arbeide med denne typen saker), ser vi at vi treng litt meir tid for å kome med ei høyringsuttale med dei krava til kvalitet som vi ønskjer. Det er få vassdrag i Herøy, og vi har ei kjensle av at dette kan vere det mest verdifulle av dei som kan vere mogleg å bygge ut.

Sidan det ikkje er nokon som har laga eit samla oversyn, treng vi difor meir tid for å finne ut noko meir om det spørsmålet.

Mindre enn 3 veker frist som det var i utgangspunktet i denne saka er dessutan uhøyrt lite. Vi har også ei slik sak i Ørsta med frist no i september, så vi ber om å få utsett fristen i alle fall til 20.9.05.

Med helsing

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal