To søknader om landingsløyve med helikopter til fråsegn

Fråsegn til Ørsta kommune 1. juli 2010.

Saka er drøfta med lokallaget. Arrangementet Saudehornet har funne si form. Når det gjeld Stålberghornsaka er det viktig at det ikkje blir mykje trafikk i det området, men i denne saka er dokumentasjonselementet så stort og transporten så nødvendig for at det i det heile skal bli noko av at vi vanskeleg kan sjå nokon fare for at dette vil få konsekvensar for andre saker. Vi trur det er eit poeng at det blir kunngjort på ein nettstad som går fram av vedtaket så snart ein veit meir om aktuelle flytidspunkt. Så kan dei som har tenkt seg til området sjølv sjekke om dei kan kome til å bli forstyrra. Med helsing Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Øystein Folden

—– Original Message —– From: magnar.selbervik@orsta.kommune.no To: Øystein Folden ; mf@orsta-nk.no Sent: Friday, June 18, 2010 10:20 AM Subject: To søknader om landingsløyve med helikopter til fråsegn

Vidaresender to søknader til eventuell fråsegn, jf avtale.

Søknaden til arrangementet «Saudehornet rett opp» er kort, men då dette har vore ein årleg søknad siste åra, må ein kunne leggje tilgrunn noko utfyllande argumentasjonen frå tidlegare søknader.
Søknaden frå Hj.fjord bygdemobilisering har eit ope/vidt tidsrom «august 2010». Vi ser det naturleg å be om ytterlegare avgrensing av tidsrommet før vi handsamar søknaden.
Men sender no søknadane på høyring slik at dere kan kome med eventuelle fråsegner.

Ber om eventuelle fråsegner innan 1. juli.

Mvh Magnar Selbervik Miljøvernrådgjevar
Ørsta kommune tlf: 70049780