Togbussen Kristiansund – Oppdal

Naturvernforbundet vil vere med å vise Samferdselsutvalet at denne bussruta må vere der også i framtida.

Naturvernforbundet inviterer til markering mot nedlegging av togbussen Kristiansund – Oppdal. Det vil skje på kollektivknutepunktet i Kristiansund sentrum måndag 6. mai klokka 15.00

Deltakarar frå Tingvoll:

Deltakarar frå Tingvoll kan ta togbussen som går frå Tingvoll sentrum kl. 13.20. Den er i Kristiansund kl. 14.25.

Det går togbuss frå Kristiansund kl. 16.40, er på Tingvoll igjen kl. 17.50.

Vil du vere med og bruker buss frå Tingvoll, ta kontakt med fylkessekretær Øystein Folden på telefon 918 12 542 eller på moreogromsdal@naturvernforbundet.no Dei som melder seg på får dekt bussbillett om dei vil.