Togsubsidiar til dikebygging?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Oddbjørn Vatne frå Senterpartiet foreslår å legge ned passasjertrafikken og bruke togpengane på veg i Romsdalen i staden.

Etter eit år med aviser og tv full av klimaspørsmål kan ein undrast korleis enkelte politikarar tenkjer. Meir trafikk langs vegane er ikkje akkurat nokon gunstig medisin. Kan hende Vatne blir nøydd til å løyve beløpet sitt til å sikre kystbyane mot havstiging i staden. Vegtrafikken står for meir enn fjerdeparten av klimagassutsleppa i Noreg, og treng ingen stimulans. Bruk pengane slik at både personar og gods kan bruke toget i staden for bil og vogntog. Vil ikkje Vatne nytte desse klimapengane i Romsdalen så finst det andre stader kring dei store byane austpå som gjerne tar imot pengane til kollektivtiltak.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar