Torskeoppdrettarane – viljuge til å ofre villtorsken?

Fleire torskeoppdrettselskap søkjer om konsesjonar. Naturvernforbundet har sett litt på GADUS som er veldig aktive. Dei går ikkje skikkeleg inn på viktige spørsmål, og ser ut til å vere viljuge til å ofre villtorsken.

Gadus, gjennom dotterselskapet Nordmøre Torsk har søkt om konsesjon for oppdrett i fjorden inn mot Ålvundfjorden. I første omgang ville dei ikkje fortelje kva verknad tamtorsken kan få på den ville torsken. Aldri har Naturvernforbundet i Møre og Romsdal sett eit så sladda dokument lagt ut på høyring nokon gong. Dei ville ikkje fortelje noko anna enn at dei er gode i å drive fiskeoppdrett. Det får dei høyre i fråsegna frå Naturvernforbundet.

Kommunen kunne omtrent samtidig melde at søkjar har kome med eit nytt dokument utan sladd. Det held Naturvernforbundet på med å gå gjennom no. Der er det ein del påstandar ein må vurdere nærare.