Tøv om gasskraftverk
I leiarartikkelen i Tidens Krav 3. september blir det sagt at verken nye kraftliner, vasskraftverk, vindkraftverk eller bioenergi duger i kampen mot kraftkrisa. Dette er tøv.
For det første er det ikkje tale om krise. Krise er noko ein pr. definisjon kan døy av. Er det noko ein kan døy av når det gjeld energi så er det klimaverknadene av varmekraftverk basert på fossile brensel.
For det andre er det klart at løysinga på den pressa energisituasjonen i Midt-Noreg i stor grad ligg i å bruke mindre energi, kombinert med forsiktig utbygging av fornybar energiproduksjon og linekapasitet.
Naturvernforbundet har dokumentert denne løysinga i ein eigen rapport som er tilgjengeleg på heimesidene våre. Dersom Tidens Krav er interessert i å la fakta forstyrre oppfatningane sine, er det berre å laste han ned.
I løysinga Naturvernforbundet peikar på er det ikkje nødvendig med nye, store kraftliner frå sør eller nord eller gasskraftverk. Nokon skog av vindturbinar blir det heller ikkje. Utviklinga på energiområdet er stor. Rapporten går no gjennom ein ny revisjon og vil snart ligge føre i 3. utgåve.
Dette kan sjølvsagt høyrast for godt ut til å vere sant.
Sparetiltak vil også koste noko, men samanlikna med dei subsidiesluka forureinande gasskraftverk er, meiner Naturvernforbundet det er betre å bruke tilskot til å redusere straumbruk enn for å auke straumproduksjon. Det er heilt klart betre for miljøet, og slikt tel vel i våre dagar?
Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet