Trafikk og framtid
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Vegtrafikken står for om lag 25% av klimagassutsleppa. Noreg må redusere sine klimagassutslepp med 85% innan 2050. Helst bør vi gjere det meste innan 2020. Det er to ting som er sikkert: Vi kan ikkje halde på som i dag og vi kan ikkje auke reiseverksemda slik prognosane peiker. Retninga må snuast. Den totale trafikken må ned og vi må reise klokare.
Dette blir verst for politikarane. Til no har vi sett opp monument over politikarar i form av vegar, tunnelar og bruer. Dei som har vore talsmenn for å vedlikehalde eksisterande anlegg blir gløymt. Det er underleg å sjå korleis det framleis blir planlagd nye store tunnelprosjekt samstundes som avisene er fulle av innlegg som krev at politiet må stenge nokre av dei vi har som følgje av manglande vedlikehald.
Breidare vegar og kortare vegar fører alltid til trafikkauke. Fleire parkeringsplassar i sentrum likeeins, om det ikkje er steindyre parkeringstimar. Dette veit vi godt, og seinast 14. desember finn vi dette som utsegner i ein artikkel og ein leiar i Tidens Krav: ”Helt siden Atlanterhavsveien ble åpnet i 1989 og biltrafikken eksploderte” ”Da Freifjordtunnelen ble åpnet i 1992 førte den til en engangsvekst i trafikken på 33 prosent. Siden har den årlige veksten i gjennomsnitt vært på 2,3. Gjennomsnittet for de siste tre årene har vært 3,6 prosent, mens 2007 altså vil slå alle rekorder med 8,1 prosent i utgangen av november.”
No må vi ta skeia i ei anna hand og reise monument over dei politikarane som er viljuge til å tale denne vanvittige utbygginga i mot. Det er tid for å halde eksisterande vegar vedlike, få ordna nokre punkt der det er rasfare, bygge ut gangvegnettet kraftig og ikkje minst legge til rette for ein omfattande bruk av buss. Berre på den måten kan klimagassutsleppa frå vegtrafikken gå ned. Fordi vi fortener det! Fordi våre etterkommarar skal få ei jord å arve.
Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet