Tragiske planar for Langedalselva

Vedlagt ligg eit lesarbrev om småkraftverk. Dei fleste småkraftverksakene til no har truleg verknad for fossekallen, men utbygginga i Langedalsvassdraget fjerner moglegheiten til å ha eit vassdrag å samanlikne med for å vite grunnleggande kvifor det blir endringar i fossekallbestanden. Fossekallen og Langedalsvassdraget har nokre trekk til felles med havørn og Smøla. Kan hende bør ein tenke nokre tankar om Altavassdraget og samefolket. I følge Gro Harlem Brundtland kan ein i ettertid slå fast at utbygging av Alta ikkje skulle ha skjedd.

Langedalsvassdraget som kjem frå grensestroka mot Hornindal og renn ut ved Hellesylt står høgt på Naturvernforbundet si liste over vassdrag med store naturverdiar. Vassdraget er såleis det einaste som har vore handsama av årsmøtet til Naturvernforbundet dei siste ti åra.

No er vi i den tragiske situasjonen at det er gitt to løyver til å bygge kraftverk i dette vassdraget. Olje- og energidepartementet (OED) overser totalt at vi i desse utbyggingstider treng å halde att slike vassdrag som urørte. Naturvernforbundet si klage hjalp ikkje.

Det er i alt 24 fossekallrevir i denne elva, og nesten alle reirplassane er naturlege. Dette er unikt, og 10% av fossekallane på Sunnmøre hekkar i dette vassdraget. Når vi no går gjennom ei storstila utbygging av vassdraga som er i akkurat rette storleiken for fossekallen, så må ein vente at fossekallen viser ein tilbakegang over noko tid. Fossekallen blir ramma nesten i kvar einaste utbygging. Fossekallen står ikkje på raudlista. Difor skundar kraftutbyggarane seg før tilbakegangen er registrert og set stopp for meir utbygging. NVE legg godt til rette og OED tenkjer meir på energi enn naturverdiar.

Av særleg to biologiske grunner er det spesielt viktig at Langedalsvassdraget blir spart.

1. Viss fossekallane i eit stort urørt vassdrag held seg medan fossekallen andre stader går tilbake, då veit ein meir om årsaka. Veit ein årsaka er det også lettare å gjere noko med det.

2. Ein robust bestand vil vanlegvis ha større evne til å kunne reparere for skader andre stader. Vidare vil det vere lettare å finne ut skilnader mellom eit slikt vassdrag og der det har gått gale, for eventuelt å kunne bøte på skader andre stader.

No har OED sørga for at ein ikkje kan tenkje slik. Går fossekallen tilbake i våre område må vi no skulde på småkraftutbygginga anten det er ei generell tilbakegang eller ikkje. Det vil vere umogleg å sjå teikn på generell tilbakegang når vi ikkje har gode referansevassdrag, og det er småkraftutbygging som det er lettast å få auge på som mogleg syndar. Dei ansvarlege for kraftutbygging i Noreg tar frå oss moglegheita for å frikjenne småkraftutbyggarane som årsak til tilbakegang.

Eit anna spørsmål er kva Naturvernforbundet no gjer med framtidige søknader i Stranda kommune. Det finst i alle fall to alternativ:

– Då må vi i alle fall berge resten, sjølv om «våre» verdiar er vesentleg lågare enn for desse to prosjekta.

– Då finst det ikkje eit vassdrag i denne kommunen som samfunnet ser verdien i å verne. Naturvernforbundet får då konsentrere seg om andre kommunar der det finst verneverdiar som kan bergast.

Mykje tyder på at det blir starta eit lokallag i fleire av kommunane med det første. I så fall er det vel greitt å rekne ut kva alternativ ein kan rekne med. Men vil ein at det skal flyte fritt vatn i området, bør ein skunde seg å melde seg inn i Naturvernforbundet. Passivitet hjelper ikkje.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen