Traktorveg til Vollasetra i Sunndal
Dette er ei sak der skogbruket får halde seg langt unna.

Sunndal kommune har gjeve løyve til å lage traktorveg frå dalbotn og heilt opp til Vollasetra. Den første delen gjekk eit stykke opp i lia, der det blei hogd eit granfelt. Vedtaket no gjeld Vollasetervegen 2 frå eit godt stykke opp i lia og heilt opp til setra.
Å hogge fjellbjørk som blir slept på traktorveg ned denne bratte lia må vere svært ulønsamt. Det står i alle fall vedaskog mange plassar som er mykje enklare å hogge, og det blir ikkje hogd. Naturverdiane i denne lia er derimot svært store. Verdiane for friluftslivet er svært store. Stien til Ekkertind går i denne lia. Å gå opp lia på traktorveg er ei lang dårlegare oppleving enn å gå på stien som seterfolket har gjort i fleire hundre år. Kulturhistorie er det også i tjukke lag.
Denne traktorvegen må det for all del ikkje bli noko av. Naturvernforbundet har klaga. Det har ogs FNF og NJFF gjort.
Her kan du lese klaga frå Naturvernforbundet: