Transportrevolusjon utan konsekvensutgreiing?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Gravinga tar til i 2012 på Nord-Europas største containerhamn ved Gjemnessundet blir det påstått. Optimistar er dei sanneleg.

Det følgjer av forskrift om konsekvensutgreiing punkt nr 1 og nr 32 i vedlegg 2 at dette prosjektet skal konsekvensutgreiast. Det kan godt vere det finst fleire punkt også. Først skal det lagast eit forslag til program for konsekvensutgreiing som skal sendast på høyring, og så skal dette programmet fastsetjast. Deretter skal konsekvensutgreiinga gjerast.

Innhaldet i dette høvet vil gå både på kva som skjer rundt arealet som skal brukast og korleis transportsystemet nasjonalt og internasjonalt vil bli påverka, og truleg mykje meir. Til dømes vil ein i denne saka måtte vurdere kvar ei slik hamn bør ligge for å minimalisere drivstoffbruken ved sjøtransporten, med tanke på at det har noko å seie for vårt felles klima.

Risiko for oljeutslepp i samband med ei slik auke i skipstrafikken og kva ei lokalisering har å seie for dette er også eit sentralt spørsmål. Først då drar det seg til med kommunedelplan og reguleringsplan og høyringsprosessar.

Det er Naturvernforbundet sin spådom at det ikkje blir sett nokon spade i jorda i 2012, men då veit vi i det minste mykje meir om kva dette prosjektet vil kunne få av verknader.

Men det er litt underleg at dei som står bak ikkje veit noko særleg om slike reglar. Eigentleg er det litt rart at ikkje Gjemnes kommune ser ut til å vite det heller.

Øystein Folden,

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal