Treng vi konsekvensutgreiing?

Vi veit alt no nok til å seie nei til vindkraftanlegg på Fløystadfjellet.

Naturvernforbundet summerer opp ein del av det vi veit så langt i lesarbrevet under.

Har vi bruk for ei konsekvensutgreiing?

I utgangspunktet vil Naturvernforbundet ha ønske om at konsekvensar av tiltak som vindkraftverk på Fløystadfjellet blir utgreidd. Dette for å få eit grunnlag for å gjere vedtak på grunnlag av kunnskap. Unnataka er viss vi veit såpass mykje om eit område og eit tiltak at vi ut frå det vi veit må avslå tiltaket.

Natur som Naturvernforbundet er mest opptatt av er vanlegvis noko av det siste ein kan vurdere i slike saker. Først når mange andre omsyn er avklara, ligg det til rette for naturundersøkingar.

For vindkraftsøknaden på Fløystadfjellet veit vi noko.

– Den aktuelle typen fjellareal har vi to av i kommunen, av litt storleik. Skal vi oppfylle Naturavtala frå Montreal, så må vi verne båe desse areala.

– Det aktuelle arealet er svært lite påverka av støy. Det finst areal i Viddalen som også er det, elles er det lite av slike areal i heile regionen.

– Naturtypane i dei høgare delane av prosjektområdet er raudlista.

Desse tre omsyna er nok til at vi må seie nei til vindkraftverk på Fløystadfjellet.

Det finst fleire tilleggsmoment:

– Det er eit skogsområde mellom Torjulvågen og Fløystad som har verneverdi. Det vil bli påverka av eit vindkraftverk, men verknaden veit ein lite om til no.

– Fløystadfjellet er eit fint område for enkelt friluftsliv. Det er ikkje så mange andre område som kan måle seg med dette i Tingvoll.

– Inngrepa knytt til vegbygging i dei øvre delane av prosjektområdet vil bli store.

– Det er betydelege areal med myr som blir råka av vegbygging.

Styrken av desse momenta veit vi ikkje så mykje om, noko som er heilt greitt når ein av andre omsyn må seie nei til prosjektet.

Det vi veit nesten ingenting om så langt er fugleliv, dyreliv og planteliv.

Naturvernforbundet si tilråding til politikarane i Tingvoll er å seie frå til Fred. Olsen Fornybar at dei bør bruke ressursane på andre prosjekt enn dette i Tingvoll. Det vil ikkje føre fram til løyve.

Naturvernforbundet i Tingvoll