Trøbekkvegen i Surnadal: Naturvernforbundet klagar på løyve til skogsveg
Surnadal kommune har gitt løyve til bygging av skogsvegen «Trøbekkvegen». Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har klaga på vedtaket, med bakgrunn i at konsekvensane med omsyn på naturmangfald ikkje er tilstrekkeleg vurderte i saksbehandlinga.
I vedtaket har Surnadal kommune skrive: ”Tiltaket er vurdert i forhold til Naturmangfaldslova §§8 – 12.”
I klagen gjer Naturvernforbundet greie for kva som bør ligge til grunn for slike vurderingar. Slik Naturvernforbundet ser det, er dette på ingen måte oppfylt i saksbehandlinga til Surnadal kommune.