Trollheimen og jerv
Naturvernforbundet spør Vverneområdestyret for Trollheimen for den faglege grunngjevinga for eit vedtak gjort i styret om uttak av jerv.
Naturvernforbundet sitt syn er at verneområdestyret bør sjå det som si oppgåve ikkje berre å pleie landskapet, men også at ein tar vare på det biologiske mangfaldet i så stor grad som mogleg. Når den faglege løysinga ligg i retning meir storfe, så meiner Naturvernforbundet at ein bør jobbe for å få til det. Då vil det heller ikkje vere nødvendig å fjerne bestanden av eit rovdyr som er raudlista som sterkt truga.