Trugsmål mot naturarven – Fossar i røyr og vegar i utmark

Lesarinnlegg hausten 2004

Naturvernforbundet si verksemd i Rindal, Surnadal og Halsa har ikkje vore så synleg dei siste åra, så det kan vere på tide å seie frå at vi finst.

I haust har det skjedd noko i Surnadal og Halsa som kan få verknad for mange. Det eine mindre vassdraget etter det andre blir no omsøkt utbygd med minikraftverk og småkraftverk. Kor dette ender veit vi ikkje, men vi kan sjå i andre kommunar at det berre er bekken frå det kommunale renseanlegget som ikkje er omsøkt til minikraftverk. Kor mykje som blir bygd ut veit vi heller ikkje, men kommunane seier sjeldan nei, og NVE har heller ikkje for vane å seie nei viss dei ikkje er nøydde.

Då dei fleste store fossane våre var lagde i røyr, då vakna nokon, og av den grunn er det ein del store elver som framleis renn fritt. Det er ein del naturvernarar som har brukt mykje tid og betalt store bøter før det blei ei forståing for dette. Det finst knapt nokon som vil seie at det ikkje spelar noka rolle om resten blir lagt i røyr. Rennande vatn betyr mykje for dei fleste.

Viss utbygginga av småvassdraga held fram som no, vil vi innan 3 år berre ha heilt små og nokre få store vassdrag att. Resten er lagde i røyr. Naturvernforbundet er viss på at folk flest ikkje vil ha det slik, men når alvoret går opp for dei fleste, då er skaden alt skjedd. Difor er Naturvernforbundet no opptatt av at kommunar går gjennom vassdraga sine for å finne ut kva vassdrag som er viktige å behalde, og kva vassdrag som eventuelt kan byggast ut.

Ein del av grunngjevinga for å bygge minikraftverk er å hjelpe på kraftsituasjonen. Det er ein del som tyder på at utbygging av slike kraftverk i Møre og Romsdal ikkje løyser forsyningsbehovet i vårt fylke. Mange bekkar små blir stor å, men det blir ikkje nok sjølv om dei fleste småelvene blir bygd ut. Men utbygging av slike minikraftverk i vårt fylke kan hjelpe noko på situasjonen for heile landet.

Når det gjeld energibruk i Noreg har vi eitt problem. Problemet er at vi trur vi må auke forbruket vårt for kvart år. Så lenge vi trur det skal vere auke, vil vi uansett ikkje få løyst problemet. Då bygger vi ut det eine og det andre, og når dei ressursane som ikkje er fornybare tar slutt, blir det bråstopp, med fall frå stor høgde. Den dagen vi seier at forbruket ikkje skal auke, då har vi ikkje lenger noko energiproblem.

Naturvernforbundet er opptatt av andre spørsmål også. 2005 er friluftslivets år. Det enkle friluftsliv er ei viktig sak for oss, anten det skal vere trygt og godt for born å finne grøne område i nærleiken av der dei bor eller tur med fiskestanga langt til fjells.

Vi har nettopp sett ei reguleringssak ved Krokvatnet i Surnadal som døme på at det finst utviklingstrekk vi ikkje er så glade for. Ved Krokvatnet er det bygd ein del hytter utan at det er bygt veg heilt fram. Dette har ført til hytter med storleik nok, men ikkje så mykje meir. Hytteeigarane har ikkje større hytter enn at dei kan kose seg i og utanfor hytta framfor å halde ei stor hytte vedlike. Surnadal kommune seier dei vil satse på hytter, og så vedtek dei, mot mange hytteeigarar sin vilje å bygge veg i dette området for å kunne bygge fleire hytter. Naturvernforbundet ser at folk spør etter høgare tilrettelegging av hyttefelt, men vi trur og det er mange som gjerne vil ha det enkle, det som krev litt sveitte før det kan brukast. Det er difor viktig at denne typen hytteområde ikkje blir øydelagde med tilrettelegging av vegar. Surnadal som hyttekommune bør ta mål av seg til å klare dette.

Vi er lei oss for at vi sov i timen då reguleringsplana for Krokvatnet var ute til høyring. Men vi treng litt hjelp så vi kan oppdage slike saker. Difor oppmoder vi alle våre venner om å kontakte oss, slik som nokon gjorde det då Svorka Energi nyleg la fram planer for å legge dei attverande vassdraga kring Valsøyfjorden i røyr. Dessutan har vi ingenting imot besøk på naturvern@no der det er meir informasjon om oss og der det let seg gjere å få ordna medlemsskap.

Øystein Folden leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal