Trygt for laksen?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er meldt at fiskeriminister Per Sandberg er utålmodig etter å auke oppdrettsvolumet for tamlaks. Det har ikkje vore så stor rift om løyva til å auke kapasiteten med 5% som ønskjeleg, i følgje fiskeriministeren.

Nyleg ga fiskeriministeren uttrykk for at problemet kunne løysast ved at tellemåten for lakselus skulle endrast, så det blei tald ved tre inspeksjonar og ikkje berre ein. Dessutan burde talet på lakselus pr. fisk aukast noko, knytt til desse auka voluma. Brot på vilkåra for kapasitetsvekst har alvorlege konsekvensar, og det er difor avgjerande at det ikkje kan vere tvil om det ligg føre brot på vilkåra eller ikkje, meiner fiskeriminister Per Sandberg.

Laksen på utsida av merdene, den som høyrer naturleg heime i elvene våre, kva med den? Den ville laksen kunne vel i grunnen trengt litt større tryggleik. Den ville laksen slepp ikkje unna med bøter om noko er gale, men får fort vekk dødsdom. Det vi treng no er ikkje slappare krav til oppdrettarane, og slett ikkje meir tamlaks i merdene.

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.