Tull med ord

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Nokre seier at Draugen har produsert verdiar på over 250 milliardar kroner. Men det kan også sjåast på ein annan måte: Naturen har brukt mange millionar år på å produsere olja på havbotnen. Denne verdien har vi menneske plyndra i løpet av 25 år.

Har vi betalt naturen noko tilbake? Tvert om, vi har brent opp olja som dermed har gitt oss store utslepp av CO2. Dette toler kloden vår dårleg når det blir så store utslepp på ein gong. Den olja vi ikkje har brent opp har vi laga plast av, og mikroplasten finn vi no overalt i naturen.

Vi har moglegvis fått mykje velferd for Draugenmilliardane. Men velferd med bismak er kanskje ikkje så mykje å trakte etter? No er i alle fall tida komen for å legge om stilen. Lat oss markere med ei minnemarkering i staden for eit jubileum. Plyndringa kan ikkje halde fram utan at naturen tar igjen på heftig måte. Dei generasjonane som normalt kjem etter oss fortener noko betre enn det kaoset vi held på å ordne i stand med vår uvettige jakt etter velferd.

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal