Tunnelar og troll

Det er debatt om tunnelprosjektet som nokon vil ha i staden for ferja mellom Kvanne og Rykkjem. Den debatten er det sanneleg grunn til å ta alvorleg. Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Den siste tida har kommunane rundt om laga klimaplanar. Utfordringa er å redusere utslepp av klimagassutslepp med 80 prosent eller noko slikt innan 2050, og halvparten hadde det vore bra om var i orden innan 2030. Vegtrafikken står for kring 25 prosent av desse utsleppa. Skal vi gjere noko anna enn å køyre bil etter 2030, må vegtrafikken ta sin gode del av dette. Vi står framfor ein samferdselsreform når klimagassutsleppa frå sektoren skal slankast til ein femdel. Spørsmålet då er kva slags trafikkløysingar vi treng i framtida.

Ein av dei mest effektive måtane å redusere klimagassutslepp på er å køyre fleire i lag. Buss er følgjeleg ei av løysingane ein kan tru blir sentrale i framtida når det gjeld persontrafikk. Slutter folk å bruke bilen til anna enn større transportbehov, vil det gå buss med kvar einaste ferje over fjorden. Det er også truleg at det i framtida blir mindre vanleg å køyre råvarar ein veg og ferdigvarar lange vegar tilbake som i dag. Godsvolumet langs vegnettet vil bli redusert som følgje av endra transportmønster og redusert forbruk som også er ein del av løysinga. Kan hende talar vi om at trafikken i tal blir meir enn halvert og lengdemeter på ferja blir endå meir redusert. Køyrer folk med rutebuss blir det lite venting i ferjekø, og færre bilar fører til greiare ferjekapasitet. Ulempa med ferje treng ikke vere særleg stor.

Tunnelar som avløysing av ferjer fører til stor trafikkauke. Det er vanleg å rekne ei auke på 40 prosent. Men til dømes Atlanterhavstunnelen har ei auke på 80 prosent så langt. Det skal sparast inn mykje ferjedrivstoff for å kompensere for ei slik trafikkauke.

Det er mykje som er usikkert når det gjeld trafikk og framtida. Det er mogleg vi veit mykje meir om kva som er gode løysingar på dette feltet om ti år. I mellomtida bør vi gå for løysingar som ikkje låser ting fast for 50 år, og i alle fall ikkje fører til auka personbiltrafikk. Så kan vi greie ut ferjeløysingar over fjorden som er meir gjerrig på drivstoffet. Ferja er minst like påliteleg som vegane i området, og humper mykje mindre enn noko som blir kalla veg mellom Ålvundfossen og Tingvoll, for å nemne noko. Tida er inne for kollektive løysingar og vedlikehald, ikkje monument.

Øystein Folden,

leiar Naturvernforbundet

i Møre og Romsdal