Tur langs Rønningsbekken søndag 7. mai
Våren er her. Bli derfor med oss på ein liten tur i nærmiljøet.
Tur langs Rønningsbekken søndag 7. mai kl. 09.00 – Tema vassdrag, fugleliv, botanikk og ein vill idyll rett i nærleiken av der folk bur.
Oppmøtestad: Ved småbåthamna.
Viss vi ser mykje interessant, tar turen minst ein time, men det er råd å bryte av når ein har lyst. Både små og store kan gjennomføre turen.
Terrenget er nokre stader litt ruskat, men fjellstøvler eller solide sko og robuste klede er tilstrekkeleg for dei som vil ha med seg alt.
Noko du lurer på? Kontakt Øystein Folden (91 81 25 42).
Interessert i medlemsskap i Naturvernforbundet?
Sjå på www.naturvern.no