Tursti ved Leikongsætra

Nødvendig med endå ei klage

Gursken Idrettslag har sendt ny søknad om turveg ved Leikongsætra. I store trekk svært lik tidlegare søknader. Herøy kommune har gjeve løyve, i store trekk likt med tidlegare løyve. Naturvernforbundet har sendt ny klage, med same klagetema som sist. Då er det nok å vente at Statsforvaltaren om ikkje så lenge gjer det same som sist og slår fast at kommunen sitt vedtak ikkje er gyldig.

Nytt denne gongen er at det er gjort ei moderne kartlegging av naturen. Naturvernforbundet har tidlegare antatt at det er ein del kystlynghei, raudlista sterkt truga (EN) i området. Dette er no slått fast.

Når ein har med ein utvald naturtype å gjere, skal ein handsame saka etter kap. VI i naturmangfaldlova. Det kapittelet har ikkje kommunen heilt oversikt over. Allereie der glapp det.

Herøy kommune bør først som sist innsjå at dei må bruke kommuneplan for å finne ut om det skal lagast fleire turvegar. Det er for mange andre omsyn til at denne typen sak kan løysast som ein dispensasjonssak.

Naturvernforbundet si klage kan du finne under. Statsforvaltaren si avgjerd sist gong finn du også.

Åsmund Steen har tatt biletet.