Turstiar – bra for helsa – men ikkje alltid for naturen
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har gjennomført ei kartlegging av såkalte «tippestiar», turstiprosjekt som er tildelt tippemidler. Alt for mange av desse prosjekta blir gjennomført utan at det er tatt tilstrekkelege omsyn til naturmangfold.
Ved fleire høve har Naturvernforbundet reagert på at Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt tippemiddel til turstiprosjekt utan at det er gjort vurderingar etter naturmangfaldlova kap. II. Temaet har vore i Kulturdepartementet som klagesak, der det blei slått fast at desse sakene skal vurderast etter naturmangfaldlova i samband med handsaming etter plan- og bygningslova.
Naturvernforbundet har den oppfatninga at ein del av desse sakene aldri blir handsama etter plan- og bygningslova, og at det såleis ikkje finst noko vurdering etter naturmangfaldslova. For å finne ut om dette er tilfelle, og eventuelt omfang av denne praksisen, har Naturvernforbundet spurd kommunane om saker som fekk løyve til «tippestiar» i 2019.