Turstien ved Leikongsetra skal fortsatt vere sti

Kommunen kunne ikkje gje dispensasjon.

Åsmund Steen

Ein gjengangar har no landa: Statsforvaltaren gav Naturvernforbundet medhald i at Herøy kommune ikkje kunne gje dispensasjon for bygging av turveg i terrenget frå Leikongsetra opp mot Skaret. Idrettslaget kan lage turveg, steg ,1 langs hovudvegen og på «flata». Del 2, i skråninga oppover mot Skaret har dei ikkje fått løyve til.

Denne turstien kan rustast opp på mykje enklare vis enn å bygge ein grusa turveg. Det er dessutan eit behov for humpete stiar som rister litt laus på musklane. Dermed er det ikkje klart at fordelane med ein grusa turveg er større enn ein sti. Statsforvaltaren har oppheva kommunen sitt vedtak.

Her kan du sjå Statsforvaltaren si avgjerd i saka: