Uklar saksbehandling for ulovleg grøft i Skodje: Settefylkemann må inn

– Etter at ei myr blei ulovleg grøfta ved Haugstølen i Skodje i 2007 har skogstyresmaktene vore svært utydelege om korleis denne saka skal rettast opp. Det siste utspelet aukar ikkje tilliten til skogbruksforvaltninga i Møre og Romsdal, seier Naturvernforbundet. – Uansett er tida no inne for å sende denne saka til settefylkesmann.

Fylkeslandbruksstyret skal etter det Naturvernforbundet har fått opplyst no i november behandle ei klage på Skodje kommune sine vedtak i denne saka. Problemet er slik Naturvernforbundet ser det todelt:

1) Det er uklårt om Skodje kommune har fatta vedtak og i tilfelle om kva. Då er vi i den underlege situasjonen at Naturvernforbundet har klaga utan å formulere noko klage på eit vedtak vi ikkje har oppfatta finst og det vedtaket held Skodje kommune fast på er rett. Det er i så fall eit svært dårleg og komplisert utgangspunkt for den vidare sakshandsaminga.

2) Det går fram av lova at eit vedtak etter dei reglane som her er brote (forbodet mot grøfting av myr) skal behandlast av fylkesmannen, ikkje av fylkeslandbruksstyret. Det finst ein grunn for at det er ein skilnad. Berekraftforskrifta som forbyr grøfting av myr gjeld i særleg grad spørsmål der skogbruksomsyn kan kome i konflikt med miljøspørsmål, medan resten av lovgjevinga i stor grad har som siktemål at skogbruk skal skje i ordna former.

Både landbruksavdelinga og areal- og miljøvernavdelinga i fylket har vore inne i denne saka tidlegare. Naturvernforbundet meiner det ikkje vil kunne bli reell klagehandsaming i denne saka dersom desse no får saka på nytt. Naturvernforbundet ber difor om at klagehandsaminga blir gjort av settefylkesmann.

Forvirra? Spør leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal på telefon 91 81 25 42. Han kan gi ei oppklaring!

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Oppslag i Bygdebladet 20. august 2008

Les heile kravet om settefylkesmann

Avvisning frå Møre og Romsdal fylke 27. februar 2009

Skjøtselsplan for området rundt Haugstølen i Skodje kommune – fråsegn frå Møre og Romsdal fylke

Behandling i formannsskapet i Skodje 30. september 2008

Oversendelsesbrev fra Skodje kommune til Fylkesmannen