Under falskt namn

I serien om framande artar på Nordmøre har vi i dag kome fram til Balkangullkorg.

Dei fleste har tala om smågullkorg når dei har sett denne planta. Det gjeld både gartnarar og botanikarar, og Lids flora som har vore Floraen med stor F i lang tid. Men smågullkorg har knapt vore innom Noreg sine grenser. Rett namn er balkangullkorg Doronicum columnae.   

Planta veks litt i breidda, men hovudårsaka til at denne er vurdert til potensiell høg risiko skuldast at planta set spiredyktige frø av typen som har «fallskjerm» og kan fyke 100 meter eller kan hende meir, seier ekspertkomiteen som jobbar med slike spørsmål. Anten planta blir frakta med trillebår borti skogkanten, eller det er fallskjermaktiviteten som er grunnen, så fører det til at planta veks ein plass ho ikkje høyrer heime, og jagar bort dei som var der frå før.

Balkangullkorg veks naturleg i fjella i Italia til Balkan og Karpatene. Det er no kring 80 år sidan planta blei funnen forvilla første gongen. Dei siste tiåra har planta blitt meir vanleg forvilla. Planta blir brukt på Nordmøre, men det er smått med innlagte observasjonar av denne planta i vårt område. Det skuldast nok at ingen har tatt seg bryet med å bestemme denne planta sikkert. For det er fleire artar i denne slekta som blir brukt i hagane.

Namnet Doronicum har uvisst opphav, men kan kome av det arabiske namnet dorogni som er bruka om ei giftplante. Columnae er mykje greiare, då det er ein italiensk botanikar Fabio Colonna (1567-1640) frå Napoli som er oppkalla. Colonna utdanna seg først til jurist, men epilepsi hindra han frå å praktisere. Dermed studerte han mykje anna, mellom anna botanikk og naturhistorie. Musikkinstrumentet pentecontachordon eller sambuca er også knytt til Colonna.

Kva gjer ein så viss ein har balkangullkorg i hagen? Vil ein ha denne framleis og samtidig unngå at frøa kan stikke av, så må ein plukke av blomane før frøa blir så modne at dei tar til å fyke. Det ein plukkar av må ein brenne eller legge i restavfallet. Så lenge ikkje planta har tatt over store areal, er det elles berre å grave opp planta viss ein vil fjerne ho. Er det ingen blomar på planta, kan ein tørke ho og kompostere ho. Berre syt for at planta ikkje får trillebårskyss bort i skogkanten. Dit skal ho ikkje.

Risikovurdering

Balkangullkorg har kategori potensielt høg risiko (PH), det vil seie at ein ikkje veit alt om kva denne planta kan få i stand.