Ut på tur

Naturvernforbundet i Tingvoll markerer Friluftslivets år med nokre arrangement.

I friluftslivets år er vi gjerne ute. Det viktigaste steget er å passere dørstokken på veg ut, og så vere ute ei stund før ein passerer dørstokken inn igjen.

Naturvernforbundet har nokre enkle uteopplevingar vi vil invitere til. Nokre av desse arrangementa samarbeidar vi med andre om.

Søndag 3. mai.

Eit nattleg eventyr i skogen.

Oppmøte ved skytebanen mellom Tingvoll og Meisingset kl. 05.00. Vi går på tur i terrenget mot Rottåsfjellet. Fuglane har på denne tida vore oppe lenge, men vi får med oss siste del av morgonkonserten. Det er støvelføre. Sitjeunderlag, niste og termos med noko varmt kan vere bra å ha med, og elles klede etter tilhøva. Vi er ved vegen igjen til kl. 09.00. 

Kontakt turleiar Øystein Folden om du har spørsmål.

Tysdag 5. mai kl. 17.30-20.30

4H har open dag i Årsund

Dette er 4 H sitt arrangement som Naturvernforbundet er med på. Denne dagen er det veratterhald.

Meir informasjon på www.gh4h.no

Søndag 14. juni Villblomstenes dag

Arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Botanisk Forening og Naturvernforbundet. Det blir tur til ein stad det er ville blomar. Nærare om tid og stad kjem seinare.