Utbygging av Urkeelva i Ørsta
Det som no skjer, er at typiske trekk ved sunnmørsnaturen forsvinn. Dette er trekk som nasjonalt og globalt er eineståande. Det er ikkje dei uvanlege naturelementa som er utsette for utrydding/ forvandling, men dei typiske. Det er frå desse dei kulturelle røtene våre spring ut. Det er desse vi nyttar i kunst og litteratur for å fortelje kven vi er, og det er desse vi nyttar for å få turistar og nye busetjarar til Sunnmøre. Naturvernforbundet ønskjer også å få «sanert» eksisterande veg.
Både resten av Urkeelva og landskapet rundt bør vernast, meiner Naturvernforbundet. Dersom ei rekke avbøtande tiltak blir sett i verk kan vi likevel akseptere ei skånsom utbygging her.
Kontaktperson for denne saka er Knut Festø, telefon 98 46 98 34.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen