Utestengd frå synfaring: Naturvernforbundet nektar å gi seg

Tysdag 29. juni har Rauma Energi AS invitert generalforsamlinga på synfaring. Rauma Energi nektar å ta med Naturvernforbundet på synfaringa. Kanskje dei er redde for at feilinformasjonen deira skal bli avslørt?

Tysdag 29. juni har Rauma Energi AS invitert generalforsamlinga på synfaring. Dei som utgjer generalforsamlinga er dei same som sit i kommunestyret. På synfaringa skal det orienterast om utbyggingsplanane for Verma kraftverk. Etter trekvart år med aktiv feilinformasjon frå Rauma Energi AS om miljøsidene ved denne utbygginga ba difor Naturvernforbundet om å få delta ved synfaringa og orientere om den skissa til løysing som Naturvernforbundet har lagt fram. Det er den einaste løysinga som i dag kan føre fram til ei opprusting av kraftverket, sidan Rauma Energi AS sitt konsesjonssøkte alternativ er i strid med Vermedalen naturreservat og Rauma Energi AS sin våte draum om inntak ved Storhaugen er i strid med alt som finst av vern.

Rauma Energi AS har tenkt seg lenge og vel om, før styreleiar Ekroll svarar 23.6. «Ein vil takke nei til tilbudet om deltaking og orientering ved dette høvet.»

Rauma Energi AS har brukt noko tid også til å gi tilsvar til klagenemnda for miljøinformasjon i saka Naturvernforbundet har meldt inn om Verma kraftverk. I tilsvaret 17. juni 2010 gjer Rauma Energi AS det klart at dei aktar ikkje å gi Naturvernforbundet innsyn i dokument dei har vist til når dei har vurdert Naturvernforbundet si alternative løysing mot sitt eige omsøkte alternativ.

Rauma Energi AS har ved mange høve sagt at inntak ved Storhaugen er det mest miljøvennlege alternativet. Men å levere ut dokument til Naturvernforbundet eller gi Naturvernforbundet høve til å gi sin vurdering av dette såkalla miljøalternativet, det vågar dei ikkje.

Naturvernforbundet gir seg likevel ikkje. Tysdag 29. juni vil Naturvernforbundet vere representert ved inntaksdammen for å markere at Rauma Energi AS ikkje har einerett på sanninga. Dei som ønskjer det vil kunne få nærare orientering om Naturvernforbundet sitt alternative forslag.

For nærare kontakt om denne saka:

Fylkesleiar Øystein Folden, tlf. 918 12 542

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Presentasjon til synfaringa

Oppslaget i papirutgåva av Åndalsnes 1. juli 2010

Øystein Folden ved Verma