Utfordring til samferdselsutvalet

Årsmøtet i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal vedtok denne utfordringa til samferdselsutvalet i fylket.

Samferdselsutvalet er vel dei som skal legge til rette for at folk i fylket skal kome seg fram. Truleg er det eit poeng at det skal skje med låge CO2-utslepp også. Difor vil gjerne Naturvernforbundet utfordre samferdselsutvalet til ein test for å sjekke kor gode samferdselsutvalet er til å organisere seg i tillegg til kva resultat det har blitt av tidlegare arbeid.

Testen er så enkel som at alle samferdselsutvalet sine medlemmer og administrasjon tar seg fram og tilbake til neste møte i utvalet med kollektivtrafikk. Medan de sit på buss og båt kan de tenkje over at ein del menneske er for unge til å køyre sjølv, nokre er for gamle, sjuke, fattige, dumme eller for kloke. Eller nokon kjem i same klasse som ein tidlegare samferdselsminister som aldri har hatt førarkort, same kva grunn det var. De har eit ansvar for at også alle desse kan leve eit fullverdig liv, utan bil. Dessutan var det dette med miljøet då.

De kjem sikkert til å reise såpass lenge dei fleste at de får tid til litt lesing av sakspapir, ein god prat med nokon andre ombord som de kjenner frå før eller som de ikkje kjenner frå før. De kan jo fortelje at de er frå samferdselsutvalet og vil teste ut kollektivtransporttilbodet, så kjem de sikkert i samtale med nokon som kanskje kan kome til å røyste på dykk om halvanna år om de gjer godt inntrykk. Ein blund kan de også få dykk utan at bilen fer av vegen.

Dessutan kan de jo sjølv planlegge korleis de kan få til denne reisa, så de veit korleis den delen fungerer.

Naturvernforbundet er overtydde om at pressa sikkert vil ha interesse av å høyre korleis dette prosjektet gikk. Blei det vanskeleg? Var det bitar utan tilbod? Måtte de overnatte ekstra? Traff de nokon hyggelege medpassasjerar? Pleier de å bruke kollektivtrafikk, eller er det vanleg at de bruker bil?

De får ha lukke til med turen og møtet! Og med kollektivtilbodet!

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal