Utslepp frå Hustadmarmor til Frænfjorden
Omya Hustadmarmor har løyve til å sleppe ut restmasse frå produksjonen sin til Frænfjorden. Naturvernforbundet har stilt verksemda spørsmål om kva prosesskjemikaliar som slepp ut saman med massene.
Naturvernforbundet har lese utsleppsløyvet til Omya Hustadmarmor AS, som mellom anna omfattar løyve til utslepp av restmasse til Frænfjorden, med visse vilkår. Her finn Naturvernforbundet ikkje nokon informasjon om det konkrete utsleppet av prosesskjemikaliar saman med utsleppet av restmasse.
I rapporten etter Miljødirektoratets revisjon i 2014 står det: ” Som et ledd i substitusjonsvurderinger av kjemikalier er virksomheten i ferd med å evaluere effekten av produkter som vil gi redusert miljørisiko og som potensielt kan gjøre det lettere å finne alternativ disponering av avgangsmassene”.
Dette oppfattar vi slik at det i dag blir brukt kjemikaliar med så stor miljørisiko at det er til hinder for alternativ bruk av restmassane.
Naturvernforbundet viser til miljøinformasjonsloven, og har sendt følgjande spørsmål til Omya Hustadmarmor AS:
1) Vi ber om å få vite mengde og type kjemikaliar som blir tilsett i prosessen (tenkjer spesielt på flotasjons- og sedimentasjons-/flokkuleringskjemikaliar) og kor mykje av dette ein reknar med at blir med i restmassen. I tillegg til informasjon om dagens utslepp, ber vi om tilsvarande informasjon for dei siste 5 åra.
2) Vi ber også om vurderingar/ testar som er gjort når det gjeld risiko og toksisitet i samband med desse kjemikaliane og utsleppet til Frænfjorden.
Etter miljøinformasjonsloven har Naturvernforbundet krav på svar innan ein månad.