Utsleppsløyvet til Atlanterhavstunnelen

Epost til Møre og Romsdal fylke og Statens vegvesen Region Midt 1. september 2008.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har blitt kontakta av medlemmer som er uroa over utsleppa frå drivinga av Atlanterhavstunnelen. Boreslam er etter det vi har fått opplyst lett synleg, og utsleppa forringar områda det blir slept ut i. Det er også uro knytt til bruken av tettingskjemikaliar i tunnelarbeidet og eventuelle utslepp av desse til sjøen.

Vi har ikkje hatt høve til å undersøke desse utsleppa sjølve, men i miljøoppfølgingsprogrammet for Atlanterhavstunnelen les vi:

”Bygging og drifting av den undersjøiske tunnelen med tilhørende vegnett skal ikke føre til øket miljørisiko eller forurensing. Alt utslipp til resipient skal skje i samsvar med løyve til utslipp av drifts- og innlekkasjevann fra Møre og Romsdal fylke, datert 22.03.2006. ”

Naturvernforbundet ber difor om å få kopi av det aktuelle løyvet frå 2006.

Vi vil også gjerne få ein kommentar frå Statens vegvesen og fylket når det gjeld dei aktuelle utsleppa av boreslam (med eller utan kjemikaliar) og dei skadeverknadene dette kan ha.

Øystein Solevåg, telefon 40 23 47 05

styremedlem

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Postadresse: 6630 TINGVOLL

Epost moreromsdal(a)naturvern.no

Internett www.naturvern.no/moreromsdal