Uttale om jernverk på Tjeldbergodden

Uttale frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Naturvernforbundet i Sør-Trøndelag og Naturvernforbundet i Nord-Trøndelag.

Vi viser til ”Forslag til utredningsprogram for IRONMAN Tjeldbergodden” av juni 2009.10.06, og har nokre ønske om tillegg til utgreiingsprogrammet.

Vi viser til Henrik Glade som har gjeve oss telefonisk utsetjing på å sende inn uttalen.

Det er to kjelder til CO2-utslepp, eksos frå oppvarming av gassreformar og prosessutslepp, til saman 800.000 tonn/år. Så langt vi tolkar dokumentet, er det utelukkande lagt opp til innfanging av CO2 frå prosessutsleppet, det vil seia ca halvparten av utsleppet.

I tillegg er det i dag tilsvarande eksosutslepp frå gassreformar ved metanolfabrikken, i alt ca 330.000 tonn/år.

Noreg har ein plan (Stoltenberg i september 2009) om å redusere totalt utslepp av klimagassar med 40% innan 2020, mykje frå norsk område.

Også dagens utslepp frå Tjeldbergodden må ned.

Vi ber om at utsleppa frå Tjeldbergodden blir sett under eitt, både utsleppet frå metanolfabrikken, nytt utslepp frå jernverket og utslepp frå båttransport i tilknyting til jernverket:

Det må bli greia ut om oppfanging av CO2 frå alle delar av aktiviteten på Tjeldbergodden, både dagens aktivet og ny aktivitet, slik at det totale utsleppet av klimagassar blir mindre enn i dag.

Jernverket medfører kraftig auke i skipstransporten til Tjeldbergodden.

Vi ber om at det må bli gjennomført ei risikovurdering av å få mange nye skipsanløp, og om behovet for styrka oljevernberedskap.

Jernverket vil ha behov for elektrisitet, og lokaliseringa medfører sterk auke i skipstransport framfor viss anlegget blei plassert nærare råstoffkjelda.» Midt Noreg har i dag underskot på elektrisk kraft, mens Nordland har overskot.

Vi ber om at det blir greia ut om alternativ lokalisering, for eksempel Narvik.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Uttalen

Forslag til utredningsprogram på Ironman