Uttale til reguleringsplan for Durmålhaugen pukkverk i Tingvoll

Uttale frå Naturvernforbundet i Tingvoll til Tingvoll kommune 22. mars 2004.

Naturvernforbundet i Tingvoll

Tingvoll, den 22.3.2004

Tingvoll kommune

6630 TINGVOLL

UTTALE TIL REGULERINGSPLAN FOR DURMÅLHAUGEN PUKKVERK

Konsekvensutgreiinga har klarlagt at det er stor negativ konsekvens av tiltaket når det gjeld naturmiljø for alternativ 2 og meget stor negativ konsekvens for alternativ 1. Alternativ 1 må vere heilt utelukka i den vidare handsaminga. Også for ein del av dei andre tema som er vurdert er det påvist negative konsekvensar i større og mindre grad.

For at ei regulering til omsøkt formål i det heile tatt skal gjennomførast, må det dokumenterast at det er behov for tiltaket som ikkje kan løysast på nokon betre måte. Den første konsekvensutgreiinga vart underkjent for dette temaet. Tilleggsutgreiinga har tatt opp temaet på nytt. Det er nettopp kjent kva vurdering Bergvesenet har av tilleggsutgreiinga på dette punktet, og dei samsvarar med våre eigne undersøkingar i stor grad. Det er der klart uttala at kvaliteten på pukken er dårlegare eller i beste fall like bra som det konkurrentane har og at det vil vere ein meirkostnad på minst 10 kr pr. tonn samanlikna med konkurrentane lenger sør. Vidare er det ingenting som tyder på oppsving i pukkmarknaden. Bergvesenet legg difor til grunn at det må ligge føre inngått salsavtale for pukkstein før opning av brot kan bli aktuelt. Vi les dette som at Bergvesenet som fagorgan ikkje har tru på at prosjektet kan bere seg, og at det ikkje bør settast i gang. Bergvesenet er til vanleg optimistiske på utbyggarar sine vegne, så dette er ganske spesielt.

Vi vil vise til kommunen si oversending til Bergvesenet av 29.5.01 der det i vurderinga er framheva to punkt, av desse ?For det andre må samfunnets behov for pukk og andre steinfraksjoner vurderes, er det udekket markedsbehov må en lokalisering av Durmålhaugen veies opp mot konsekvensene av eventuelle andre lokaliseringer?. Det er no vist til at det ikkje er behov for pukken, og utgreiing av andre lokaliseringar er vel i grunnen ikkje gjort noko med.

Vi viser elles til vår uttale til tilleggsutgreiinga, sendt i kopi til kommunen tidlegare.

Etter det vi veit er økonomien i marknaden siste tilgjengelege rekneskapsåret svak, der fleire av dei større selskapa har gått underskot.

No kan det diskuterast om økonomien i prosjektet skal spele noka rolle for den kommunale avgjera om tiltaket. Vi reknar som så at viss drivar går konkurs, og grunneigarane ikkje har fått nok middel i oppryddingsfondet, så er det nokon som sit att med eit krater av eit problem. Vi trur den som då eig problemet er kommunen. Difor meiner vi at spørsmålet har noko å seie for saka. Som reguleringsmynde er det Tingvoll kommune som må sjå til at Tingvoll kommune som vertskap for tiltaket har økonomisk evne til å bere eit slikt ansvar for opprydding.

Vi trur miljøkommunen Tingvoll har meir enn nok av problem knytt til eit krater i Nålsund som skjemmer ut kommunen frå vestsida. Skulle det bli eit endå verre krater ved inngangsporten på austsida, vil ikkje det passe særleg godt med miljøkommunetankegangen.

Våre undersøkingar tilseier at det ikkje er bruk for pukkstein av kvaliteten frå Durmålhaugen, at økonomien i marknaden er svak og at tilleggskostnader for drift i vårt fylke vil forverre denne situasjonen ytterlegare. Det viktigaste teiknet til oppsving skuldast at fleire land i Europa let vere å opne nye steinbrot som følgje av for store negative miljøkonsekvensar.

Vi vil elles gjere merksam på at det er kome nye vurderingar knytt til friviljug skogvern det siste året. Skogområdet kring Durmålhaugen og Mulvikknuken har kvalitetar som tilseier at dei kan vere verneverdige etter dette. Dette må undersøkjast nærare.

Vi vil på dette grunnlaget påstå at det ikkje finst tilstrekkeleg grunngjeving for gjennomføring av reguleringstiltaket, og at reguleringsplanen må avvisast som følgje av at han har mellom anna (meget) stor negativ konsekvens for naturmiljøet.

Viss vårt primærsyn ikkje blir tatt til følgje, vil vi gjere merksam på at reguleringsbestemmelsane ikkje har noko med om driftstid. Det er svært vesentleg at verksemda ikkje går føre seg døgnet rundt. Vi veit frå andre anlegg at verksemda berre blir innstilt julaftan og nyttårsaftan, og elles er det full drift. Vi meiner difor at det må inn reguleringsbestemmelsar både for verksemda i brotet og vedkomande lasteverksemda, slik at det er stilt natt og helg.

Vi meiner vidare at det må takast med noko om oppryddingsfond, mellom anna slik at fondet inneheld tilstrekkeleg med middel også tidleg i driftsfasen, slik at opprydding kan finne stad.

Viss drivar og grunneigarane går konkurs, vil kommunen kome i ansvar for opprydding. Kor stor sum tåler kommunen å føre opp som garantisum for dette? Det er vesentleg for kommunen sine innbyggarar at økonomien knytt til uventa driftstans i brotet er heilt og fullt på plass.

Så til innhaldet i dei einskilde paragrafane i reguleringsbestemmelsane:

§1

Det er vesentleg for reetablering av vegetasjon at avslutninga er planlagt når brotet blir opna. Berre på den måten kan ein sikre at eigna avdekkingsmasse med stadeigen frøbank kan plasserast på rett plass. Flytting rundt omkring på desse massane vil redusere kvaliteten på dei, og moglegvis også koste meir enn om dei kjem på rett plass med ein gong.

§2

Det står at lausmassar kan deponerast innafor spesialområda steinbrot og buffersone.

Buffersona strekker seg heilt inntil vegen i heile nedre brot si lengde. I dette området bør det berre vere tale om permanent plassering av lausmassar i samsvar med plan for støyskjerming og avslutningsplana. Mellombels plassering av slike massar må kunne skje innafor steinbrotområdet.

Det går ein bekk gjennom buffersona i søraustenden av brotet. I denne delen av buffersona må det vere heilt uaktuelt med mellombels deponi, og avslutningsbehov skulle og hatt litt større avstand til bekken.

Heller ikkje ved øvre brot bør ein akseptere mellombels deponering i buffersona. Det må late seg gjere å deponere mellombels innafor brotet.

§5

Deponering av avdekkingsmassar bør ikkje tillatast i buffersona.

§7

60 meter kaifront tyder at det må fortøyast utafor kaiområdet i båe ender. I så fall må det vere noko som manglar. Dette er gjerne noko meir enn det som står om fortøying i §8.

Med helsing

Øystein Folden

leiar

Endeleg avslag for Durmålhaugen pukkverk frå Miljøverndepartementet