Uttale til tilleggsutgreiing for Durmålhaugen Pukkverk AS i Tingvoll

Uttale frå Naturvernforbundet i Tingvoll til Bergvesenet 16. januar 2004.

Naturvernforbundet i Tingvoll

Tingvoll, den 16.1.2004

Bergvesenet

postboks 3021 Lade

7441 TRONDHEIM

UTTALE –

DURMÅLHAUGEN PUKKVERK AS – TILEGGSUTGREIING

Det vises til tilleggsutgreiing, dagsett 8.10.2003.

1. Behovet for tiltaket

Den første utgreiinga viste at det ved utbygging er betydelege negative konsekvensar knytt til tiltaket. Det er difor eit viktig poeng å få fastslått om det er bruk for tiltaket, og om det er andre lokalitetar som kan fylle behovet, der ulempene er mindre.

Etter opplysningar frå NGU og Pukk- og grusleverandørenes landsforening ser det ut til at samla årleg produksjon av pukk o.l. i landet er på kring 50 millioner tonn. Durmålhaugen med ein produksjon på 1 million eller meir vil utgjere fleire prosent av marknaden.

Eksporten har vore på i underkant av 10 millioner tonn dei 4-5 siste åra. Viss hoveddelen av pukken frå Durmålhaugen skal på eksportmarknaden, er det tale om 10 % auka kapasitet i denne marknaden.

Kring halvparten av eksporten har gått til den tyske marknaden. Mykje tyder på at den tyske økonomien tilseier redusert tysk marknad heller enn flat/aukande marknad ei tid framover. Andre aktørar som alt er i marknaden kan difor ha behov for å rette seg mot nye marknader.

NGU seier noko om at etterspurnaden etter byggeråstoffer i Europa er aukande. Dei grunngjev dette med aukande miljøomsyn som gjer at det blir vanskelegare å opne nye brot i Europa, spesielt Nederland, England og Frankrike. Når miljøomsyn i Europa fører til auka etterspurnad, vil det vere paradoksalt å opne brot i Noreg der miljøkonsekvensane er etter måten store. Det er å flytte miljøproblema frå Europa til Tingvoll i dette tilfellet.

Omsetningsleddet i mottakarlandet er heilt vesentleg for om eit prosjekt kan lukkast. Tyskland t.d. har kring 5 mottakarar, og desse blir styrt av 2-3 aktørar. Importen i Tyskland skjer gjennom desse, og nye produsentar slepp ikkje til utan at dei har vesentleg konkurransefortrinn i form av pris eller kvalitet. Den nederlandske marknaden er tilnærma lukka for nye, og dei som slepp gjennom har spesielle nederlandske kontaktar/basis. Det som er nemnt om Tyskland og Nederland når det gjeld mottakssystem er det grunn til å tru også gjeld i landa kring Austersjøen.

Det går ikkje fram av tilleggsutgreiinga om etablerte pukkverk har kapasitet til å auke leveransane, og kor mykje.

Vi veit at ein av dei store aktørane har planar om å auke kapasiteten med kring 2,5 millionar tonn årleg og dette er retta mot eksport sørover. Andre kan og auke kapasiteten viss det er mogleg å omsetje meir. Offshoreretta brot frå Stadt til Nordland kan og auke kapasiteten. Vi har høyrt om eit etablert brot som kan auke med ein halv million tonn i året nærast på strak arm, truleg meir over tid.

Når det gjeld behov for pukk til Ormen Lange-utbygginga på Aukra, er det i konsekvensutgreiinga for det prosjektet lagt vekt på massebalanse på land. Ei utsegn om at ?det sikkert vil være behov for store mengder pukk av ulike typar både ?on- og offshore? i det prosjektet vitner ikkje om stor truverde i denne delen av utgreiinga.

I følgje NGU sin pukkdatabase er det i 2001 starta pukkverk ved Dyrstad i Bremanger, og eit pukkverk er planlagt for oppstart i Gulestø i Bremanger i 2004. Det er ca. 20 kystnære pukkverk som er aktuelle konkurrentar.

I følgje våre undersøkingar vil meirtransportpris for Durmålhaugen til kontinentet vere på 15-20 kroner pr. tonn, samanlikna med eksportørar i Nord-Hordaland/Sogn og Fjordane, og kring det doble samanlikna med eksportørar i Rogaland. Når NGU opplyser at omsetnadsprisen pr. tonn stein ligg mellom kr 30 og 120, høyrest det heilt merkeleg ut at dei som står bak Durmålhaugen kan seie at dei vil kunne hevde seg i marknaden.

2. Handsaming av ballastvatn

Det er underleg at ein kan bruke formuleringa ?Når pukkverket settes i drift bør derfor rederier …? Det må ligge ei større forplikting enn dette i slike spørsmål.

Når ein legg opp til rapporteringsrutiner om ?hvor har lensingen av ballastvann funnet sted? så er det eit system som berre registrerer kvar skaden har skjedd og at det ikkje er eigna til å hindre skade.

Vi rekner desse utsegnene for å vere eit teikn på at spørsmålet ikkje er løyst.

Konsekvensutgreiinga gjer klart at ballastvatn representerer eit uløyst problem, og beslutninga om tiltaket kan setjast i verk må ta utgangspunkt i det.

3. Driftsopphøyr før planlagd avslutning

Problemstillinga er velkjend. Ein finn ingen innan aktuelle fagmiljø som vil gå god for at ordningar med avsette middel er sikra mot konkurs, anten det er drivar eller grunneigar. Alle er samde om at innsetting på sperra konto ikkje er nok. Dessutan er det eit problem i seg sjølv at det tar tid før det er produsert så mykje at ein sum pr. tonn uttatt masse vil vere til hjelp. I første fasen er det berre bankgarantiar som liknar på ei løysing. Det er mogleg at problemet finn ei løysing i ny minerallovgjeving som er under arbeid.

Vi merker oss at det no er sagt klart at grunneigar er ansvarleg for opprydding. Då er det lettare for dei som skal gjere vedtak i denne saka seinare å sjå at sikringa på dette punktet er ytterst tynn.

Konklusjon

Tilleggsutgreiinga har på fleire punkter vist seg utilstrekkeleg.

– Det som er sagt om at tiltaket er naudsynt er ikkje truverdig.

– Utsiktene til omsetning av produkta er i beste fall bygd på sviktande grunnlag.

– Ballastvatnproblema er framleis lite utgreidd. Viss ein seier at utgreiinga på dette punktet er god nok, må ein konkludere med at problemet er uløyseleg til stades.

– Det som er sagt om tryggleiken for oppryddinga er klar på eit punkt om at grunneigarane er ansvarlege viss drivar får problem. Det som elles er sagt liknar mest på ønskjetenking. Viss ein seier at utgreiinga på dette punktet er god nok, må ein konkludere med at problemet er uløyseleg til stades. Sett i lys av at marknadsføresetnadene ser ut til å vere sviktande, er det ytterlegare auka risiko for at dette blir eit vesentleg punkt.

Med helsing

Øystein Folden

leiar

Kopi: Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 MOLDE

Miljøvernministeren har gitt Sunndal kommune medhold i sin innsigelse mot pukkverksplanene

Side 3

Side 2

Side 4