Uttale til varsel om oppstart av regulering – masseuttak Koksviklia

Epost 17. desember 2006 til utbyggar med kopi til Tingvoll kommune.

Viser til annonse i Aura Avis 12.12.2006   Naturvernforbundet i Tingvoll er glade for at masseuttaket no får ein reguleringsplan og rimelegvis ein plan for uttak og istandsetting av området.   Vi vil gjere merksam på at området ligg slik til at ein del busetnad på andre sida av «dalen» er dei som kanskje merkar dette inngrepet mest, både når det gjeld innsyn og støy. Her får ein nærast ein amfiverknad av tiltaket. Reitgrenda er mellom dei stadene som er ein del eksponert, og det kan vere område i Tørlenna også som kan vere utsett på same måte. Når det skal gjerast støyutrekningar ber vi difor om at dette blir gjort også for denne delen av bygda. Likeeins bør støyvollar og skjermingstiltak også ha desse vinklane med i vurderinga.   Naturvernforbundet i Tingvoll ber om å få tilsendt dokument i saka når dei ligg føre, slik at vi kan gje fråsegn til dei.   Post kan sendast digitalt til: moreromsdal(a)naturvern.no   eller som vanleg post til Naturvernforbundet i Tingvoll v/Øystein Folden 6630 TINGVOLL     Med helsing   Øystein Folden leiar