Varig verna vassdrag – fram til i morgon?

I 50 år har Noreg arbeidd for å finne ut kva for vassdrag som burde takast vare på utan meir utbygging av vasskraft. I løpet av nokre dagar har Stortinget snudd opp ned på dette.

Øystein Folden
Øystein Folden

Verneplan I kom i 1973. Valldøla og Ålvundelva var mellom dei 5 frå Møre og Romsdal.

Verneplan II hadde ingen vassdrag frå Møre og Romsdal. I 1986 kom verneplan III der Driva var med. Først i verneplan IV i 1993 var Rauma-Ulvåa med. Då var det aller meste av verneplanane på plass, med 21 vassdrag i Møre og Romsdal. Det kunne godt ha vore fleire, men i alle fall ein del representative vassdrag var verna for ettertida i eit land spesielt rikt på stor variasjon i vassdragsnatur.

Det skal seiast at mange av vassdraga hadde store inngrep, men restane blei funne verneverdige likevel. 2/3 av vassdragsnaturen er alt utbygd av mange forskjellige typar tiltak, så utvalet blei gjort frå den tredelen som var igjen.

No har våre beste kvinner og menn, dei som er valde til ein plass på Stortinget, vedtatt at nye behov skal gå framom at vassdragsnatur skal få vere vassdragsnatur, og at komande generasjonar får nøye seg med fossefall på postkort frå fortida.

Kva skjer vidare? Naturvernforbundet kjem ikkje til å gje frå seg eit einaste verna vassdrag utan kamp. Stå i kampen saman med oss! Det enklaste ein kan gjere er å bli medlem i Naturvernforbundet.

Kronikk om saka og brev til politikarane frå Møre og Romsdal: